Fleire kommunar får pengar til vidareutdanning
Pressemelding | Dato: 21.05.2026 | Kunnskapsdepartementet
500 millionar kroner skal gå til vidareutdanning for lærarar og andre tilsette i barnehage og skule til hausten. Så godt som alle kommunar og alle fylkeskommunar har takka ja.
– Dette er eitt av dei viktigaste verkemidla vi har for å styrkje lærarkompetansen i heile landet. Det er svært positivt at så nær som alle kommunar har takka ja til tilskotet. No håpar eg alle har laga gode planar for kven som skal få ta vidareutdanning det komande året, ut frå lokale behov, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).
Pengane blir utbetalte torsdag 21. mai til alle kommunar, fylkeskommunar og private skular som har takka ja. Kommunane fordeler tilskotet vidare til private barnehagar.
Tilskotet til vidareutdanning er ei nasjonal ordning som skal sikre at alle kommunar over tid får høve til å styrkje kompetansen i barnehage og skule. Vidareutdanning er eitt av hovudtiltaka i regjeringa sitt system for kompetanse- og karriereutvikling, som det er sett av nærmare 2,8 milliardar kroner til i 2026.
Den nye ordninga når ut til langt fleire kommunar enn tidlegare og gir ei meir rettferdig fordeling over heile landet. Kommunane kan òg planleggje meir langsiktig, då pengane kan brukast over tre år.
– Det er framleis ikkje for seint å søkje vidareutdanning. Mange universitet, høgskular og fagskular har løpande opptak. Eg oppmodar lærarar og andre tilsette til å ta ein prat med leiaren sin om moglegheitene, seier Nordtun.