Næringsministeren besøker Halden onsdag 5. oktober

Onsdag 5. oktober er næringsminister Jan Christian Vestre i Halden for å delta på konferansen «sterkare saman- norsk-svensk samarbeid» organisert av Svinesundkomiteen. Tema for konferansen er norsk-svensk samarbeid i det grøne skiftet. Næringsministeren møter òg kommunen for å høyre om oppryddinga etter atomreaktorane i Halden.

Tid: Onsdag 5. oktober, kl. 11.00

Sted: Halden, Brygga kultursal Tollbugata

- Norden skal bli den mest integrerte og berekraftige regionen i verda. Saman kan vi skape massevis av grøne arbeidsplassar i eksportnæringane, og bidra til auka verdiskaping på begge sider av grensa, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Svinesundkomiteen er eit politisk samarbeid mellom norske og svenske kommunar, som jobbar for å bygge ned grensehindre og dessutan skape moglegheiter for blå og grøn vekst.

Praktisk info

Presse som ønsker å følge næringsministeren på konferansen kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Margrethe Beate Rosbach på mbr@nfd.dep.no eller 95900253.