Næringsministeren besøkte London for å styrke samarbeidet med Storbritannia
Pressemelding | Dato: 15.10.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet
Energi, reiseliv og nye moglegheiter for norsk næringsliv stod på agendaen då næringsminister Cecilie Myrseth besøkte London denne veka.
Storbritannia er ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane til Noreg. Under besøket 13.–15. oktober møtte næringsminister Cecilie Myrseth britiske styresmakter, næringsliv og reiselivsaktørar for å diskutere korleis Noreg og Storbritannia kan samarbeide tettare.
– Noreg og Storbritannia har eit nært og godt samarbeid. Vi har mykje å bygge vidare på, og det er store moglegheiter for bedrifter i begge land, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Diskuterte moglegheiter på tvers av Nordsjøen
Energi og næringslivssamarbeid var viktige tema under besøket. Myrseth deltok på ein europeisk konferanse om karbonfangst og -lagring, der ho møtte aktørar frå næringa og diskuterte korleis Noreg og Storbritannia kan løfte denne teknologien ytterligare.
Ho besøkte også Imperial College London, der studentar bruker ein modell for karbonfangst og -lagring til å lære om teknologien og teste korleis den fungerer i praksis.
Under besøket møtte ho også norske og britiske bedrifter til eit rundebord om energisamarbeid. Her diskuterte deltakarane korleis styresmakter, næringsliv og investorar kan samarbeide om rein energi, kraftnett og leverandørkjeder.
Ho møtte også sine politiske kolleger – den britiske handelsministeren, den britiske energiministeren og den britiske romministeren.
Møtte britiske reiselivsaktørar
Besøket omfatta også eit møte med VisitBritain, der Myrseth utveksla erfaringar om reiseliv og spesielt besøksbidrag som no er innført i både Noreg og Storbritannia.
– Det er interessant at Storbritannia no òg går for ein modell med besøksbidrag basert på ein prosentsats av overnattingsprisen, slik vi har gjort i Noreg. Det er ein enkel og ryddig måte å innrette ordninga på, seier Myrseth.