Næringsministeren vil skrote brukthandellova

Det hastar å omstille samfunnet i ei meir berekraftig retning. Næringsminister Jan Christian Vestre meiner auka gjenbruk er eit viktig bidrag. No startar arbeidet med å fjerne eit unødvendig hinder på vegen, nemleg brukthandellova.

– Vi skal inn i sirkulæralderen, ikkje tilbake til steinalderen. Derfor vil eg skrote brukthandellova, og presentere eit oppdatert regelverk i løpet av neste år, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Statsråden er kjend med at brukthandellova skaper utfordringar for mange som driv med brukthandel. Lova krev mellom anna at dei søkjer løyve hos politiet, fører protokoll over klede og varar og oppbevarer dei i 14 dagar før dei blir lagt ut for sal.

Endra vanar for handel

Formålet med lova frå 1999 er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette arbeidet til politiet med å oppspore slike gjenstandar.

Næringsministeren meiner lova er gammaldags og ikkje høyrer heime i ei sirkulær tid.

– Måten vi handlar på har endra seg dei siste åra, med nye digitale salskanalar og stor interesse for gjenbruk. Eg vil skape eit regelverk som er tidsriktig, samtidig som det forhindrar omsetning av stolne varer og anna uønskt verksemd. Dette hastar, og derfor har regjeringa allereie sett av to millionar i statsbudsjett for å setje i gang arbeidet. Bruk- og kastsamfunnet er ikkje berekraftig, og vi vil gå etter alt som hindrar overgangen til ein sirkulær økonomi, seier han.

Frivilligheita er unntatt

I ei ny tolkingsuttale konkluderer Nærings- og fiskeridepartementet med at aktørar som driv brukthandel som frivillig verksemd ikkje blir omfatta av brukthandellova. Uttalen er basert på ei vurdering av handel av varar «i næring» etter brukthandellova si § 1.

– Dette er gode nyheiter for frivilligheita. No er det tydlegare kven som fell innanfor og utanfor gjeldande regelverk. Dei som fell utanfor treng ikkje løyve frå politiet. Dei har heller ingen plikter når det gjeld protokoll eller oppbevaring. No manglar det berre å fornye heile regelverket, og det kjem snart, seier Vestre.

Departementet vurderer at risikoen for heleri er låg ved verksemder som ikkje driv fortenestebasert. I enkelte tilfelle vil ein framleis måtte vurdere konkret om verksemda er «i næring», til dømes om omsetninga er av eit visst omfang, heiter det i uttalen.

Tek med bransjen

Etter nyttår vil næringsministeren invitere til innspelsmøte med både kommersielle og frivillige aktørar som driv brukthandel.

– Eg har full forståing for at bransjen ønskjer ei rask endring av regelverket. Eg er veldig utolmodig, men også oppteken av at vi får til ein god prosess. Målet er at regelverket for brukthandel aktivt fremmar sirkulærøkonomi, samtidig som formålet i lova om å forhindre heleri blir vareteken, seier Vestre.

I 2019 sende Nærings- og fiskeridepartementet forslag om å oppheve brukthandellova på høyring. Høyringsinstansane var delte. Fleire aktørar støtta forslaget, men mange var også imot som følgje av ei bekymring for at manglande moglegheiter for tilsyn og kontroll kan føre til auka økonomisk kriminalitet.