Nasjonal jordvernpris 2023 til Haugesund

Haugesund kommune er tildelt nasjonal jordvernpris 2023 med bakgrunn i opphevinga av områdeplanen for Fagerheim av omsyn til jordvern. Det dreier seg om over 400 dekar dyrka jord til saman.

– Det er med stor glede at eg kan vise til Haugesund kommune og det arbeidet som er gjort for å tilbakeføre arealet på Fagerheim. Her har kommunen gått føre som eit godt eksempel, og som fleire kan følgje.  Eg har fått opplyst at områdeplanen for Fagerheim blei oppheva i juni, og at arealet skal førast tilbake til landbruks-, natur- og friluftsområde i komande kommuneplanprosess, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad som sto for utdelinga av jordvernprisen 2023 i dag.

Fagerheim.
Haugesund kommune mottok i dag den Nasjonal jordvernprisen 2023 for ivaretakelse av området Fagerheim. Ordfører Arne C. Mohn mottok prisen på vegen av Haugesund kommune. Fra v.: Landbruks- og matminister Geir Pollestad, Fylkesordfører Marianne Chesak og Statsforvalter Bent Høye, var også på Fagerheim i dag. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Opprettinga av ein jordvernpris er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og eksempel på tiltak, planar og strategiar. Prisen kan delast ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune, og skal bestå av eit diplom og ein passande merksemd. Juryen har i år vurdert 5 nominerte kandidatar.

Juryen har i år bestått av:

  • Landbruks- og matministeren  (Sandra Borch)
  • Olaf Gjedrem (leiar for Jordvern Norge)
  • Audhild Slapgård (for Norges Bondelag)
  • Morten Clemetsen (for Norske landskapsarkitekters forening)
  • Jonas Skrettingland (for KS, ordførar Hå kommune)

Overordna omsyn

– I Hurdalsplattforma seier vi at jordvernet skal styrkast, og at jordvern skal bli eit overordna omsyn i arealforvaltninga.  Eg er glad for at vi har fått ein ny jordvernstrategi som bidrar til dette. For å redusere omdisponeringa av dyrka jord er vi avhengig av kommunane, sidan dei styrar arealpolitikken lokalt. Omdisponeringa har heldigvis gått ned dei siste åra, og eg vil mellom anna takke Haugesund kommune for å ha bidratt til dette, seier Geir Pollestad. 

Området Fagerheim.
Området Fagerheim. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Ny nasjonal jordvernstrategi

Regjeringa la nyleg fram ein ny nasjonal jordvernstrategi som Stortinget handsama i  juni i år. Denne strategien inneheld eit nytt og skjerpa mål for omdisponeringa av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet. Målet for omdisponeringa av dyrka mark er no sett til maksimalt 2 000 dekar per år (ned frå 3 000 dekar), og skal bli nådd innan 2030.