Nett-tv Nasjonal konferanse om framtidens fellesskole

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kor godt svarar dagens skule på framtidige behov? Er han rusta til å møte store samfunnsendringar? Brukar vi ressursane våre på ein klok måte – i ei tid der helse, forsvar og eldreomsorg vil krevje stadig meir av statsbudsjettet?

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun opnar konferansen og deltek i samtalar om kva utfordringar fellesskulen står overfor dei komande åra.
Tidlegare kunnskapsministrar Kristin Clemet og Kristin Halvorsen innleier også.

Målet med konferansen er å leggje til rette for ein offentleg samtale om korleis den norske skulen også i framtida kan fremje læring, fellesskap, tillit og demokrati.

Tid: Fredag 19. september kl. 10.00
Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Sonja Henies plass 3, Oslo

Pressekontaktar

Journalistar som ønskjer intervju med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap), kan ta kontakt med seniorrådgjevar Julie Berg Melfald (jume@kd.dep.no / 954 89 238)

Leiar for utvalet, Bjørn Haugstad, er også tilgjengeleg for intervju. Ta kontakt med sekretariatsleiar Borghild Lindhjem-Godal (bog@kd.dep.no / 419 04  080)

Her finn du lenke til utvalet si heimeside.

Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa(DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no
 
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.