Nav skal kunne trekkje fagforeiningskontingent
Pressemelding | Dato: 27.03.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa legg fram endringar i folketrygdlova som gjer det enklare å halde fram som medlem i fagforeiningar under sjukdom og permisjon. Endringa inneber at Nav kan trekkje fagforeiningskontingent direkte frå ytingar som sjukepengar og foreldrepengar.
– Dette er eit viktig steg for å hindre at folk fell ut av fagforeininga si i periodar dei er utanfor arbeid. Vi fjernar ein unødvendig terskel og gjer det enklare å vere organisert gjennom heile arbeidslivet, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Ordninga omfattar sjukepengar, foreldrepengar, svangerskapspengar, pleie- og opplæringspengar og omsorgspengar – periodar der ein er mellombels ute av arbeid, men framleis har eit arbeidsforhold.
Nav kan hente inn nødvendige opplysningar for å gjennomføre trekket og betale kontingenten vidare til rett fagforeining.
– For mange er fagforeininga ei viktig tryggleik i kvardagen. Då må medlemskapet vere lett å halde ved like når livssituasjonen endrar seg. Dette er ei praktisk løysing som møter eit reelt behov, seier Stenseng.
Ordninga gjeld berre fagforeiningar med kontingenttrekk frå løn. Medlemmer som betaler direkte, kan halde fram med det.
Styrkjer det organiserte arbeidslivet
Regjeringa har dei siste åra prioritert tiltak som gjer det enklare og meir lønnsamt å vere organisert. Skattefrådraget for fagforeiningskontingent er auka frå 3 850 kroner i 2021 til 8 250 kroner i 2025, med varsla vidare auke i neste stortingsperiode.
Organisasjonsgraden blant arbeidstakarar har òg auka, frå 50,5 prosent i 2023 til 52 prosent i 2024. Sidan 2021 har 139 045 fleire blitt medlem av ei fagforeining.
Arbeidet med å styrkje det organiserte arbeidslivet og få fleire til å organisere seg er ein del av regjeringa sin plan for Noreg. Regjeringa vil ha eit trygt og seriøst arbeidsliv, og meiner høg organisasjonsgrad er avgjerande for gode arbeidsvilkår og ryddige forhold.
– Når fleire organiserer seg, blir arbeidslivet meir rettferdig og føreseieleg. Difor vil vi halde fram med å styrkje det organiserte arbeidslivet, seier Stenseng.