– Eg veit at fleire pendlarar ønskjer å jobbe eller studere på toget, men at det har vore vanskeleg sidan nettdekninga ikkje har vore god nok i enkelte tunnelar. Det gjer vi noko med no, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam. 

Fleire anlegg i togtunnelar er gamle, og om dei ikkje blir fornya kan nettdekninga i sentrale tunnelar svekkast eller bli heilt borte. Difor er det naudsynt å bruke pengar på å betre nettdekninga. 

– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig at folk kan reise til og frå jobb, skule, lege og andre fritidsaktivitetar på ein god måte. Vi veit at god dekning er ein føresetnad for ei god reiseoppleving, seier Gunaratnam.

Mobiloperatørane, Jernbanedirektoratet og Bane NOR er samde om delinga av rekninga

Gjennom våren og sommaren har Jernbanedirektoratet og Bane NOR forhandla med mobiloperatørane Telenor, Telia og Lyse om korleis kostnadane til etablering, fornying og drift skal delast. No er partane samde om ei prinsippavtale om deling av kostnader mellom staten og mobiloperatørane. Avtalen legg òg til rette for at reisande gjennom Drammenstunnelen og Ulrikstunnelen kan få mobildekning. I desse tunnelane er infrastrukturen allereie på plass, men partane har fram til no ikkje blitt einige om fordelinga av driftskostnadene.

– Eg er glad for at partane no er samde i korleis kostnadane skal delast. Det har ikkje vore føreseieleg nok dei siste åra, og no som prinsippavtala er på plass kan dei gå vidare i arbeidet med dei konkrete avtala for tunnelane, seier Gunaratnam. 

Romeriksporten først ut i fornyingsarbeidet

Jernbanedirektoratet og Bane NOR har identifisert fleire jernbanetunnelar der det er behov for å fornye eksisterande nettdekning. Tunnelane er prioriterte ut frå mellom anna tilstanden på anlegga, talet på reisande og nytten av betre og meir stabil nettdekning.

Bane NOR planlegg å starte med Romeriksporten som første tunnel som skal fornyast. Arbeidet er planlagt gjennomført saman med andre arbeid i tunnelen sommaren 2027. Når fornyinga kan samordnast med andre planlagde arbeid og sporbrot, kan det redusere kostnader, gjennomføringsrisiko og ulemper for dei reisande.