No har fagskulestudentane fått nasjonalt studentombod
Pressemelding | Dato: 01.09.2025 | Kunnskapsdepartementet
Denne hausten har fagskulestudentane fått eit eige nasjonalt studentombod. Ordninga skal sikre at fagskulestudentane får gode råd og hjelp når dei treng det.
Fram til i dag har fagskulane sjølve hatt ansvaret for at studentane har tilgang til ein ombodsfunksjon. No har det blitt eit nasjonalt, lovpålagt ansvar.
– No gir vi fagskulestudentane i heile landet eit likeverdig tilbod som andre studentar. Gjennom god rettleiing og oppfølging vil vi bidra til at fleire studentar trivst og fullfører utdanninga. Fagskulestudentane er viktige for Noreg, og det vi skal bygge for framtida. Derfor er eg glad vi får dette på plass, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Organisasjon for fagskulestudentar (ONF) stadfestar at eit eige studentombod har stått høgt på ønskelista i lang tid.
– ONF har kjempa for eit nasjonalt studentombod i fleire år, så dette er ein stor siger og ei glede! Vi er svært glade for at dette endeleg kjem på plass, slik at rettstryggleiken til fagskulestudentane no blir styrka. Vi ønsker å sende ein stor takk til alle som har gjort dette mogleg, seier Ingrid Marie Aarre, leiar i ONF.
Kva skal studentombodet bidra med?
Studentombodet skal vere eit lågterskeltilbod for alle fagskulestudentar i Noreg, uavhengig av kva fagskule dei går på. Ombodet er ein nøytral og uavhengig aktør som kan gi råd og rettleiing i saker som gjeld studentane sine rettar og plikter. Ombodet har teieplikt og er gratis for studentane.
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som har ansvar for å etablere og drifte det nasjonale studentombodet gjennom studentombudfagskole.no.
Regjeringa satsar på fagskulane
Våren 2025 la regjeringa fram ei stortingsmelding om høgare yrkesfagleg utdanning, som vart behandla av Stortinget i mai. Styrkt finansiering, meir handlingsrom for fagskulane og fleire karrierevegar for fagarbeidarar er nokre av tiltaka regjeringa skal innføre.
– Denne regjeringa satsar på fagskulane – ein juvel i utdanningssystemet vårt. For å lykkast med det grøne og digitale skiftet vi skal gjennom, er vi heilt avhengige av fagskulane. Dei gir praksisnære, korte utdanningar som er tett på arbeidslivet. Til no har vi bidrege med 2 000 nye studieplassar til fagskulane, og vi gir oss ikkje her, seier Aasland (Ap).