Nok ein viktig milepæl på plass i arbeidet med havbruk til havs
Nyheit | Dato: 12.04.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa vedtok i november i fjor at områda Norskerenna sør, Frøyabanken nord og Trænabanken skal konsekvensvurderast for havbruk til havs. I dag sender Fiskeridirektoratet på høyring eit forslag til utgreiingsprogram.
- Dette er nok ein viktig milepæl i arbeidet med å leggje til rette for havbruk til havs. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ytterlege vekst i ei næring som allereie bringar inn store verdiar til fellesskapet og som er den viktigaste motoren på kysten, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
I Hurdalsplattformen varslar regjeringa at ein vil utvikle eit eige konsesjonsregime for oppdrett til havs med strengje krav til berekraft og sameksistens mellom ulike havnæringar.
– Det er viktig for meg å vere heilt tydeleg på at næringar som allereie bruker havet skal vere tryggje på at dei ikkje blir fortrengde. Sameksistens med andre næringar og omsyn til gytefelt og oppveksterområde står heilt sentralt i arbeidet vårt, seier Skjæran.
Ein SINTEF-rapport anslår at mot 2050 kan havbruk til havs gi årleg verdiskaping i storleik 100 milliardar kroner, og fleire tusen tilsette inkludert ringverknadseffektar.
- Eg oppmodar alle til å bidra med konstruktive innspel i dette viktige arbeidet, seier fiskeri- og havministeren.
Høyringsfristen er 24. mai 2023.
Lenke til høyringa (Fiskeridirektoratet):
Forslag til utredningsprogram for havbruk til havs | Fiskeridirektoratet