– Det må vere lettare for folk å velje sunt. Desse utmerkingane skaper merksemd rundt gode kosthaldstiltak og premierer dei som inspirerer oss til å ete sunnare. Eg håpar matvarebransjen kjem med mange nominasjonar, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Helsestyresmaktene samarbeider med matvarebransjen om å gjere det enklare å velje sunt. Nærmare hundre aktørar har forplikta seg til samarbeidet gjennom intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald (helsedirektoratet.no).

Døme på å legge til rette for sunnare val kan mellom anna vere å gjere eksisterande produkt sunnare, lansere nye og sunnare produkt og rettar, eller å marknadsføre sunnare produkt på ein effektiv måte.

Utmerkingane blir delte ut i to kategoriar: kategorien «sunnare produkt» og kategorien «sunnare marknadsføring». Konkurransen er berre for aktørar som er med i intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald.

Nominasjonen er open frå 10. september til 24. oktober.

Tidlegare vinnarar  

Vinnarane av utmerkingane i 2020 var TINE og MENY. I 2021 gjekk Mills og KIWI av med sigeren i dei to gruppene.

I 2022 var det Grilstad og Baker- og konditorbransjens landsforening som vann kvar si klasse, mens prisen i 2023 gjekk til Fjordland og Opplysningskontoret for frukt og grønt.

I 2024 var det Norgesmøllene og Coop Extra som vann prisane for sunnare produkt og sunnare marknadsføring.