– Afrikanske land får ei stadig viktigare rolle i ei verd i rask endring. Vi ønskjer tettare samarbeid med afrikanske land om alt frå folkerett til handel, investeringar og ny teknologi, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Afrikanske land utgjer 54 av dei 193 medlemslanda i FN og spelar ei stadig viktigare rolle internasjonalt. Nordisk-afrikansk ministermøte er ein arena for uformell og direkte dialog mellom nordiske og afrikanske utanriksministrar om felles interesser og høve til samarbeid.

– Afrika treng millionar av nye arbeidsplassar i åra som kjem. Noreg skal vere ein partnar som investerer, samarbeider og bidreg til at land kan skape større verdiar sjølve, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Den første dagen møtest ministrar og næringsliv for å diskutere auka handel og investeringar, mellom anna innan energi, kritiske mineral og digitalisering. Den andre dagen møtest utanriksministrane til samtalar om geopolitikk, internasjonalt samarbeid og kunstig intelligens.

Det første møtet vart arrangert i Stockholm i 2001, og vertskapet har sidan gått på omgang mellom nordiske og afrikanske land. Møta gir utanriksministrane rom for open og direkte dialog om felles interesser og høve til tettare samarbeid.

Praktisk informasjon

Tid og stad: 19.–20. november 2026 i Oslo.

Dag 1: Gamle Logen.
Dag 2: Rådhuset.

Pressetilgang:

Dag 1: Opninga og plenumsøktene er opne for pressa.
Dag 2: Opninga er open for pressa.

Pressekontakt: Thea Finstad, tnf@mfa.no, tel. +47 975 40 790