– Me jobbar for at Noreg skal ha høgast mogleg sjølvforsyning av korn, frukt og grønsaker. Tala frå 2025, som viser at nordmenn et meir frukt og grønt, er positive. Rekordomsetnaden for norske eple, som me såg i fjor, er også eit døme på at forbrukarane medvite vel norske råvarer når dei handlar, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

eple
Foto: Torbjørn Tandberg

Statistikken frå Grøntinnsikt viser at norskandelen på norsk frukt og bær ligg på 44 prosent. Fruktforbruket totalt auka med 6,6 prosent, medan bær auka med 15,6 prosent i 2025.

I 2025 var det høg etterspurnad etter norske poteter gjennom heile sesongen, frå nypoteter tidleg på sommaren til lagringspoteter seinare på året. Omsetnaden av småpoteter auka også betydeleg. Dette er poteter som tidlegare hadde feil storleik, eller var for småe til å seljast i butikk.

Det var ein svak oppgang i etterspurnaden etter norske tomatar frå 2024 til 2025. Etterspurnaden for norske agurkar var gjennomgåande høg, og norskandelen låg på rundt 80 prosent store delar av året.