Russland held fram med den ulovlege angrepskrigen sin og Noregs støtte til Ukrainas forsvarskamp er urokkeleg. Regjeringa foreslår derfor å føre vidare den rekordhøge støtta til Ukraina på 85 milliardar kroner i 2026. 15 milliardar går til sivil støtte, medan 70 milliardar går til militær støtte.

– Målet til regjeringa er eit Ukraina som kan bestemme over eiga framtid. Støtte til Ukrainas fridomskamp er nødvendig for at Ukraina kan forsvare seg, men tryggjer òg Noreg og Europa sin tryggleik, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.

– For at den ukrainske befolkninga skal evne å stå imot Russlands utmattingskrig, er det avgjerande at landet blir halde i gang. Ukraina skal ikkje berre vinne krigen, men òg freden. Derfor foreslår regjeringa å auke den sivile støtta med 2,5 milliardar kroner til minst 15 milliardar neste år. Pengane bidreg til lys og varme i ukrainske heimar, held sjukehus og skular i gang og gir livreddande hjelp til befolkninga som bur nærmast fronten, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Auken skal gå til energitryggleik, gjenoppbygging og driftsstøtte til ukrainske styresmakter, og dessutan at overføringa til Norfunds Ukrainafond blir dobla. Norfund bidreg med investeringar i næringslivet som elles ikkje ville skjedd på grunn av den høge risikoen. Eit fungerande næringsliv er avgjerande for gjenoppbygginga. Det blir òg ein auke i den humanitære støtta.

– Eg kjem aldri til å gløyme øydeleggingane eg såg då eg besøkte Kharkiv i Ukraina i mars. Medan eg var på veg til byen, som ligg berre få kilometer frå fronten, gjennomførte Russland eit droneangrep mot eit bustadområde i forstaden i byen. Det brann framleis i bustadblokkane då eg kom fram. Russlands ulovlege angrepskrig drep familiar, øydelegg heimane deira og legg viktig infrastruktur i grus. Derfor aukar vi støtta til Ukrainas motstandskraft, inkludert den humanitære hjelpa neste år, seier Eide.

70 milliardar kroner i 2026 til militær støtte

Ukrainas fridomskamp er òg viktig for tryggleiken vår, og det største bidraget vil framleis vere militært.

– Regjeringa vil føre vidare arbeidet med trening og utdanning, vidareutvikle eit felles nordisk-baltisk-polsk initiativ for trening og utrusting av ukrainsk personell, styrke innsatsen i den maritime koalisjonen, kjøpe materiell frå ukrainsk forsvarsindustri og bidra til Ukrainas høgast prioriterte kapasitetar, som artilleri, dronar, autonomi og luftvern, seier Tore O. Sandvik.

– Forsvarsindustri har blitt ein stadig viktigare del av den samla støtta til Ukraina. I 2026 vil regjeringa oppretthalde denne innsatsen og auke satsinga på industrisamarbeid og vidareutvikling av den norske modellen, seier forsvarsministeren.

Dersom Stortinget vedtek budsjettforslaget frå regjeringa, vil det auke ramma for Noregs støtte til Ukraina til 275 milliardar kroner i perioden 2023–2030.