Noreg aukar støtta til «gløymde kriser»

– FN sitt nødhjelpsfond reddar liv og lindrar nød, også i gløymde humanitære kriser. Noreg gir no eit ekstrabidrag på 55 millionar kroner til nødhjelpsfondet, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

– Fondet leverer livreddande assistanse og vern der behova er store, òg der media ikkje er til stades, seier Tvinnereim.

Det norske ekstrabidraget for 2023 blei annonsert av Tvinnereim på ein givarkonferanse for FNs nødhjelpsfond (CERF) i FN onsdag 6. desember.

Rask respons på rekordstore humanitære behov

Dei humanitære behova er rekordstore. FN anslår at fleire enn 360 millionar menneske har behov for nødhjelp i år. Mange humanitære kriser når ikkje opp i kampen om mediemerksemd. Det kan vere langvarige væpna konfliktar, vedvarande politiske kriser og konsekvensar av klimaendringane. Ofte er det ein kombinasjon.

– FN sitt nødhjelpsfond kan handle raskt når ei krise plutseleg rammar. Det såg vi under jordskjelvet i Tyrkia og Syria tidlegare i år og med flaumen i Somalia nyleg. Samtidig bidreg fondet med sårt trengd støtte i underfinansierte kriser, som i Afghanistan, Etiopia, Jemen og Syria, seier Tvinnereim.

Støtte gjennom nødhjelpsfondet er ein del av Noregs humanitære strategi for å bidra til koordinert og effektiv innsats på landsnivå. Ekstrabidraget kjem i tillegg til Noregs faste, årlege bidrag til CERF på 450 millionar kroner. Det faste bidraget blir utbetalt så tidleg som mogleg på året for at fondet skal ha fleksibel og føreseieleg finansiering når kriser hender.

Nødhjelpsfondet til FN er ein viktig del av den internasjonale responsen i humanitære kriser. Støtta går til FN-organisasjonar som både gjennomfører humanitær innsats sjølv og som gir støtta til andre humanitære partnarar i dei aktuelle landa.

Tidleg innsats hindrar lidingar

– For å imøtegå dei humanitære konsekvensane av klimaendringane betre, er det viktig å handle i forkant av kriser når det er mogleg. FNs nødhjelpsfond kan bidra med finansiering slik at innsats kan setjast inn med ein gong ei krise blir varsla. Dermed kan vi avgrense dei verste konsekvensane av til dømes flaum og tørke, seier Tvinnereim.

Dei største mottakarlanda av støtte frå FNs nødhjelpsfond i år er Sudan, Afghanistan, Den demokratiske republikken Kongo og Syria. Noreg har vore blant dei største bidragsytarane sidan fondet blei oppretta i 2006.