Noreg, Finland og Sør-Korea signerer avtale som styrkjer norsk beredskap

Noreg og Finland har begge kjøpt artillerisystemet K9 frå Sør Korea. Avtalen som no blir signert legg til rette for at Noreg og Finland, på ein enklare måte kan senda reservedelar til kvarandre, utan først å søkja om godkjenning hos sørkoreanske styresmakter. – Denne avtalen vil auka Noreg og Finlands beredskap i nord, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

- Det direkte resultatet av denne avtalen er at artillerivogner kan komma raskare tilbake til bruk i Forsvaret. Det styrkjer beredskapen vår og gjer oss mindre sårbare. Vi vil arbeida for å få til liknande avtalar med andre nasjonar, som leverer våpensystem til dei nordiske landa. Her har Sør-Korea gått føre, seier forsvarsministeren.

Både Norge og Finland har kjøpt K9 fra Sør-Korea
Både Noreg og Finland har kjøpt K9 frå Sør-Korea Foto: Fredrik Ringnes, Forsvaret

Samarbeid om drift og forvaltning av artilleri

Finland og Noreg har i fleire år samarbeidd om drift og forvaltning av K9-systemet. Før signeringa av den nye avtalen var prosedyren byråkratisk, omfattande og tidkrevjande. Tidlegare måtte det sendast ein søknad til Sør-Korea på førehand for å kunna flytta reservedelar mellom Noreg og Finland. No blir ein rapport send om overføring av delar i ettertid til leverandøren. Avtalen gjer at dei to nasjonane våre fritt kan overføra reservedelar mellom landa, sjølv om dette er militært materiell der det som hovudregel er gitt restriksjonar frå opphavsnasjonen Sør-Korea.

-No som Finland er medlem av NATO er samarbeid oss imellom ekstra viktig, og dette vil styrkja vår felles beredskap i nordområda, seier Gram.

Mindre byråkrati og kortare tid for utveksling av reservedeler mellom Finland og Norge på K9
Mindre byråkrati og kortare tid for utveksling av reservedeler mellom Finland og Norge på K9 Foto: Fredrik Ringnes, Forsvaret

Langvarig logistikksamarbeid med Finland

Finland og Noreg har fleire felles materiell- og våpensystem. Det gir driftsmessige fordelar å utveksla informasjon, erfaringar og tenester. Samarbeidet vil bli vidareutvikla i åra som kjem.

- Når Sverige bli medlem av NATO går samarbeidet mellom landa våre over i ein ny fase. Alt som bidreg til forenkling og meir smidig samarbeid over landegrensene er viktig for beredskapen. No held arbeidet fram med å finna fleire moglegheiter for forenkling. Samtidig skal Forsvaret samarbeida endå tettare med Finland om K9 og andre felles materiellsystem, avsluttar forsvarsministeren.

Ved reperasjoner kan K9 komma raskare i teneste igjen som følgje av den nye avtalen
Ved reperasjoner kan K9 komma raskare i teneste igjen som følgje av den nye avtalen Foto: Maria Selnes, Forsvaret