Portrett av administrator Alexander De Croo i FNs utviklingsprogram saman med klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
Administrator Alexander De Croo i FNs utviklingsprogram saman med klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Gjennom FNs program hjelper vi styresmakter som arbeider for å ta vare på tropisk skog. Dette er heilt avgjerande for klimaet på jorda og det biologiske mangfaldet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Fredag 19. desember møtte han leiaren for FNs utviklingsprogram, Alexander De Croo. I samband med De Croo sitt besøk til Noreg kunngjorde klima- og miljøministeren at Noreg skal bidra med 100 millionar kroner i 2026 til FNs program for å redusere utslepp frå avskoging og skogforringing (UN REDD Programme).

FNs utviklingsprogram (UNDP) har saman med FNs miljøprogram (UNEP) og FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) ei viktig rolle i dette arbeidet.