Noreg invitert på toppmøte om arbeidsliv
Nyheit | Dato: 29.07.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Noreg er invitert til G20 ministermøte for arbeidsliv som eitt av åtte gjesteland. Statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kjetil Vevle, representerer regjeringa på toppmøtet i Sør-Afrika.
– Å sikre universelle rettar for arbeidstakarar er ei viktig prioritering for Noreg. Internasjonalt samarbeid på dette området er svært viktig, og Noreg har mykje å bidra med i slike forum, seier Kjetil Vevle, statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Under Sør-Afrika sitt formannskap skal G20 blant anna diskutere inkluderande vekst og ungdomssysselsetjing, likestilling i arbeidslivet, ulikskap og rettferdige arbeidsinntekt, sosial sikring og digitalisering for eit inkluderande framtidig arbeidsliv.
Målet er å leggje fram ei ministererklæring som femner alle dei prioriterte temaene.
Sør-Afrika har invitert Noreg som eitt av åtte gjesteland under formannskapet sitt i G20 i år.
G20 er eit sentralt internasjonalt forum for økonomisk samarbeid, der dei leiande og veksande økonomiane i verda årleg avstemmer strategiane sine på mange områder.
Noreg vil som gjesteland delta politisk og fagleg på arenaer og møteplassar som blir omfatta av G20-samarbeidet i 2025. Noreg var også gjesteland under Brasils leiing i 2024.
Arbeidsministermøtet i G20 finn stad i George i Sør-Afrika og startar 28.juli.