– Noreg er ein oste-nasjon i verdsklasse. Gratulerer så mykje til Gangstad gårdsysteri med sigeren, og takk for bidraget til at Noreg kan produsere ost av høgaste kvalitet. Noreg har hatt ei enorm utvikling innan osteproduksjon sidan 2000-talet, både innan sal og mangfald. Det er takka vere kreative og dyktige ystarar at Noreg har vorte det ostelandet vi er i dag, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Landbruks- og matminister Geir Pollestad gratulerer Gull-vinnarane.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad gratulerer Gull-vinnarane. Foto: Oi! Trøndersk Mat og Drikke/Sigrid Erdal

Noreg er for andre gong vertsland for World Cheese Awards, og osteelskarar frå verda over er denne helga samla i Trondheim. I år var 293 norske ostar påmelde frå 71 osteprodusentar.

Geir Pollestad med vinner av Verdens beste ost 2023.
Foto: Landbruks- og matdepartementet

Meir om Oste-VM

Det var 4502 ostar i konkurransen – dei vart reduserte til om lag hundre «Supergull»-ostar. I semifinalen vart dei presenterte for finaledommarane. Dette er eit nøye utvalt dommarpanel med 16 internasjonale osteekspertar. Dei valde ut kvar sin favoritt som går vidare til sjølve finalen. Domarane smaker på alle ostane igjen, og gir éin poengsum kvar – frå 0 til 7. Den med høgast totalsum vann tittelen «Den beste osten i verda» som i år vart ein blåmuggost frå Gangstad gårdsysteri på Inderøy i Trøndelag.