Samarbeidet er det første i sitt slag, og gir offentlege verksemder i Noreg og Sverige tilgang til moderne løysingar for identifisering, analyse og handtering av sårbarheiter i IT-system, nettverk og applikasjonar.

– Dette viser korleis nordisk samarbeid kan gi betre løysingar for offentleg sektor. Gjennom å samle behov og kompetanse på tvers av landegrensene kan vi oppnå stordriftsfordelar, styrkje cybertryggleiken og gjere det enklare for verksemdene å ta i bruk moderne tryggingsløysingar, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen.

Betre oversikt over sårbarheiter

Digitalisering og eit stadig meir komplekst trusselbilete gjer det viktigare enn nokon gong å ha oversikt over sårbarheiter i digitale system. Dei nye avtalane gir verksemder høve til å arbeide meir proaktivt og risikobasert med informasjonstryggleik, mellom anna gjennom regelmessig skanning, analyse og prioritering av sårbarheiter.

Til saman kan om lag 1 600 offentlege verksemder nytte avtalane.

Les meir: Tildeling: Rammeavtaler for Vulnerability Management | markedsplassen for skytjenester

Følgjande leverandørar er tildelt rammeavtale:

  • H.O.L.M. Security Sweden AB
  • S2 Grupo med Cyberwatch
  • Vivicta AS med Rapid7

Fakta

  • Marknadsplassen for skytenester er ei fellesteneste i DFØ som gjer det enklare for offentleg sektor å skaffe og ta i bruk skytenester. Avtalane omfattar skybaserte tenester for sårbarheitshandtering (vulnerability management).
  • Anskaffinga er gjennomført i samarbeid mellom DFØs Marknadsplass for skytenester og svenske Adda Inköpscentral.
  • Avtalane er frivillig å nytte og kan brukast av om lag 1600 offentlege verksemder i både Noreg og Sverige.
  • Formålet er å styrkje offentleg sektors evne til å identifisere, vurdere og redusere cyberrisiko.