NATO har sett i verk ein gjennomgang av kva alliansen kan bidra med innanfor forsvarsinnkjøp i Ukraina. Gjennomgangen skal vera ferdig i løpet av året og han skal munna ut i konkrete tiltak finansiert over eit av NATOs støttefond. Arbeidet Noreg skal koordinera i NATO og det bilaterale initiativet Noreg har sett i verk med den ukrainske forsvarsmateriellorganisasjonen skal blir koordinert. 

Avtalen Noreg inngjekk med Ukraina i mars har vist seg interessant også for andre, og no har Storbritannia og Sverige også komme med i dette arbeidet.

- Det har vore store utfordringar med korrupsjon innan forsvarsinnkjøp i Ukraina. Heilt sidan NATO bad Noreg om hjelp i 2014, har me støtta Ukraina med å byggja inn integritet i lover, reglar og prosedyrar for gode forsvarsinnkjøp, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.