– Frie og uavhengige medium er under stort press. Derfor er det viktig at Noreg bidreg til å styrkje redaksjonell fridom, hindre sensur og sørgje for at journalistar har trygg tilgang til kommunikasjon, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

I Europa var 2024 eit krevjande år for journalistar, også i land utan krig. Vald, truslar og trakassering auka, særleg i samband med demonstrasjonar. Journalistar blei òg utsette for politivald og hindra i å utføre arbeidet sitt. Trakassering på nett – særleg mot kvinnelege journalistar – er eit alvorleg problem.

Gjennom det reviderte nasjonalbudsjettet blei det sett av ekstra midlar til dette arbeidet. Pengane skal særleg gå til å verne kvinnelege og andre utsette journalistar, og til opplæring i både digital og fysisk tryggleik.

Støtta blir mellom anna retta mot innsats i Aust- og Søraust-Europa, og dessutan i Eurasia, og blir koordinert tett med EU-finansiert støtte. Målet er å forsterke og byggje vidare på eksisterande program. European Endowment for Democracy (EED) er vald som partnar for gjennomføringa.

– Denne støtta vil ha mykje å seie. Med dette viser vi at Noreg er ein tydeleg forsvarar av ytringsfridom og frie medium, i ei tid kor demokratiske verdiar er under aukande press i delar av Europa og i nærområda våre, seier Eide.