Statssekretæren og prisvinnarene på scena under utdelinga.
Frå venstre: Statssekretær Erlend Hanstveit, Bjørn Olav Nordahl, Kjetil Saugestad, Ruben Solvang, Karl Inge Paulsen og Kjetil Hansen. Foto: Medietilsynet | Lisensinfo

Prisen blir gitt for det langvarige arbeidet deira med å avdekkje korleis verksemda til Telenor i Myanmar fekk alvorlege konsekvensar for mobilkundane til selskapet etter militærkuppet i 2021.

– Dette er grundig og modig journalistikk om grunnleggjande menneskerettar. Arbeidet viser kor viktig undersøkjande journalistikk er for å halde mektige aktørar ansvarlege, seier statssekretær Erlend Hanstveit.

Prisvinnarane er Bjørn Olav Nordahl, Andreas Ståhl, Maria Hasselgård, Ruben Solvang, Kjetil Saugestad, Su Thet Mon, Kjetil Hansen og Karl Inge Paulsen.

Journalistane har gått gjennom tusenvis av interne dokument og kombinert datajournalistikk med krevjande felt- og kjeldearbeid. Juryen trekkjer fram at arbeidet har gått føre seg over fleire år, i eit vanskeleg journalistisk landskap og med krevjande etiske avvegingar. Sakene har også fått eit juridisk og politisk etterspel, og fleire av prosessane er framleis ikkje avslutta.

Prisen blei delt ut av statssekretær Erlend Hanstveit under haustmøtet til Norsk Redaktørforening i Oslo 12. november. Prisen består av 100 000 kroner og eit trykk av kunstnaren Cathrine Alice Liberg.

Kultur- og likestillingsdepartementets menneskerettspris for journalistar blir delt ut annakvart år. Ein uavhengig jury oppnemnd av departementet vurderer kandidatane, og Medietilsynet er sekretariat for juryen. Juryen består av Hege Lamark, som er juryleiar, Arne Blix og Ove Kenneth Nodland. Nodland var inhabil i denne saka og deltok derfor ikkje i vurderinga.

Les meir om prisen og tidlegare prisvinnarar på nettsidene til Medietilsynet.