Ny adopsjonslov

Regjeringa foreslår ei ny og betre strukturert adopsjonslov, som er enklare å forstå for brukarane. Det vert også foreslått fleire viktige endringar i den nye lova.

- Gjeldande adopsjonslov er over 30 år gammal og uoversiktleg. I mange tilfelle går det ikkje fram av lova kva som er gjeldande praksis. Den nye lova vil kunne bidra til at adopsjonsfeltet vert meir oversiktleg og gir større likebehandling. Det viktigaste for meg er at barns beste ligg til grunn for adopsjonen. Føremålet er å sikre at barna som treng det får ein god og varig heim. Derfor foreslår vi no ei eiga lov der føremålet med adopsjonen vert framheva, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Les heile lovproposisjonen her.

Styrkt rett til informasjon og innsyn

- Ei viktig endring i den nye lova er å senke alderen for adoptivbarns rett til å få vite kven dei opphavlege foreldra er frå 18 til 15 år. Adoptivbarnet skal få naudsynt støtte i samband med dette. Som 15-åring er du i stand til å få informasjon om dine biologiske foreldre, men det er viktig at dei som får slik informasjon blir godt følgt opp av vaksne som står rundt dei, seier statsråd Horne.

Det blir også foreslått å utvide regelen for kven som kan få vite identiteten til dei opphavlege foreldra. Før gjaldt dette berre den adopterte, men dersom den adopterte er død, skal no også etterkomarane av den adopterte få opplyst kven dei opphavlege foreldra er.

Informasjon til den adopterte

Departementet foreslår at den adopterte ved fylte 18 år skal få eit informasjonsskriv om rett til opplysningar og innsyn i adopsjonssaka. Det er ein føresetnad at adoptivforeldra blir informert om at dette vil bli gjort. Denne lovendringa vil  berre gjelde for adopsjonar gitt etter den nye lova. I tillegg vert det foreslått ei endring i praksis slik at adopterte over 18 år kan bli varsla dersom opphavleg familie ønskjer kontakt.

Forbod mot vederlag

Ei anna endring er at adopsjonslova skal ha uttrykkeleg forbod mot å gi vederlag eller anna godtgjersle for å påverke ein person som skal samtykkje til adopsjon eller uttale seg om ein søknad om adopsjon. Det vert også foreslått eit uttrykkelig forbod mot å gi vederlag eller anna yting til organisasjonar, personar i organisasjonar eller andre som formidlar ein adopsjon når føremålet er å påverke adopsjonsprosessen eller utfallet av ei adopsjonssak. Brot på desse forboda er straffbare.

Forboda er i tråd med internasjonale konvensjonar på området og er viktig for å hindre misbruk av adopsjonsinstituttet.

Lovfesting av særskilte vilkår for adopsjon

Fleire av dei ulike typane for nasjonal adopsjon blir no regulert i lova. Nærare vilkår må vere oppfylt for nasjonal adopsjon. Dette gjeld adopsjon av stebarn, adopsjon av spedbarn som er frigitt til nasjonal adopsjon, adopsjon av barn som er adoptert frå før og adopsjon av personer som har fylt 18 år.

For stebarnsadopsjon vert det lovfesta at den som søker om å få adoptere ektefellen sitt barn som hovudregel skal ha oppfostra barnet i minst fem år og ønskje å oppfostre barnet vidare. Når særlige grunnar taler for det, kan det bli gjort unntak frå kravet om oppfostringstid, til dømes ved stebarnsadopsjon etter surrogati. Det opnast også for å adoptere barnet til den tidlegare ektefellen eller sambuaren etter samlivsbrot eller død sjølv om barnet har to juridiske foreldre. I dag kan dette gjerast dersom barnet har ein juridisk forelder.

Forslag frå Adopsjonslovutvalet som ikkje vert følgt opp

Surrogati

Ei av tilrådingane frå adopsjonslovutvalet som leverte si utgreiing i 2014, var å innføre ei eiga føresegn om stebarnsadopsjon av barn som har kome til ved metodar for assistert befrukting i utlandet som ikkje er tillate i Noreg, som surrogati. Dette forslaget har ikkje departementet følgt opp i proposisjonen.

- Bruk av surrogati reiser vanskelege problemstillingar, etisk og juridisk. Ei eiga føresegn kan gi ein uheldig signaleffekt og stå fram som ei legitimering av surrogati og assistert befruktning som ikkje er tillate i Norge, seier statsråden.

Lovendringane skal ikkje medføre innstrammingar i dagens tilgang til å stebarnsadoptere etter surrogati. Det vil som i dag vere muleg å stebarnsadoptere etter surrogati etter dei vanlege reglane i adopsjonslova.

Særskild rådgivingsteneste

Utvalet fremma eit lovforslag om ei særskild rådgivingsteneste, i inntil tre år etter adopsjonen, til adoptivfamiliar som har adoptert barn frå utlandet. Lovforslaget vert ikkje følgt opp fordi behova til adoptivfamiliane er ulike og oppstår til ulike tidspunkt. Adoptivbarn og familiane deira har krav på tilbod frå dei offentlege tenestane, til dømes helsetenester, på linje med andre barn og familiar. Departementet tilrår at kunnskapen om adopsjon og adoptivbarns bakgrunn og spesielle utfordringar vert styrkt i dei ulike delane av hjelpeapparatet. Familieverntenesta skal innrette sine tilbod også til adoptivfamiliar. Dei adopsjonsførebuande kursa bør også verte skreddarsydd inn mot dei ulike behova til adoptivbarn og familiane deira.