Dette vil vere Molanders andre åremålsperiode som direktør for STAMI. Molander er utdanna dr. scient. frå Universitetet i Oslo i 2000. I 2001 byrja han som forskar  i STAMI og vart forskingsdirektør same stad i 2006. I 2011 blei Molander første gongen tilsett som direktør for STAMI for ein periode på seks år. 

Arbeids- og sosialdepartement ser Pål Molander som godt kvalifisert i stillinga som direktør for STAMI. Han har med sin bakgrunn og sine personlege kvalifikasjonar gode føresetnader for å halde fram med arbeidet med å vidareutvikla STAMI.