Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar med å styrke kommunar og fylkeskommunar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Distriktssenteret er også sekretariat for Merkur-programmet. Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for dei minste daglegvarebutikkane og bokhandlarane i distrikta. Distriktssenteret har 26 tilsette og er lokalisert på tre ulike stader, i Sogndal, Steinkjer og Sandnessjøen.

Lang leiarerfaring 

Den nye direktøren kjem frå ei stilling som fagleg leiar i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Mellingen har lang leiarerfaring, og har m.a. ei mastergrad i leiing frå BI.

– Med dette får Distriktssenteret ein kompetent direktør. Mellingen kjenner både kommunesektoren, departementet og Distriktssenteret godt frå før og eg ser fram til å samarbeide med henne i tida som kjem, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Digitalisering av offentleg sektor

Mellingen har vore tilsett i Distriktssenteret tidlegare, og ho har nyleg bidrege i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt arbeid med å utvikle ein ny strategi for digitalisering av offentleg sektor.

– Eg gler meg til å starte i jobben som direktør. Eg ser fram til å vidareutvikle etaten i tett samarbeid med dei tilsette og med departementet, seier Marit Lofnes Mellingen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00