Historisk arkiv

Marit Lofnes Mellingen blir ny direktør for Distriktssenteret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Marit Lofnes Mellingen er tilsett som ny direktør for Distriktssenteret. Ho tek over stillinga når Halvor Holmli sitt åremål går ut 1.4.2020.

Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar med å styrke kommunar og fylkeskommunar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Distriktssenteret er også sekretariat for Merkur-programmet. Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for dei minste daglegvarebutikkane og bokhandlarane i distrikta. Distriktssenteret har 26 tilsette og er lokalisert på tre ulike stader, i Sogndal, Steinkjer og Sandnessjøen.

Lang leiarerfaring 

Den nye direktøren kjem frå ei stilling som fagleg leiar i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Mellingen har lang leiarerfaring, og har m.a. ei mastergrad i leiing frå BI.

– Med dette får Distriktssenteret ein kompetent direktør. Mellingen kjenner både kommunesektoren, departementet og Distriktssenteret godt frå før og eg ser fram til å samarbeide med henne i tida som kjem, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Digitalisering av offentleg sektor

Mellingen har vore tilsett i Distriktssenteret tidlegare, og ho har nyleg bidrege i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt arbeid med å utvikle ein ny strategi for digitalisering av offentleg sektor.

– Eg gler meg til å starte i jobben som direktør. Eg ser fram til å vidareutvikle etaten i tett samarbeid med dei tilsette og med departementet, seier Marit Lofnes Mellingen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00