Ny etat for eksportkontroll og sanksjonar blir samlokalisert med NSM

Regjeringa har vedteke at den nye etaten for arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar skal samlokaliserast med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM). Etaten skal vere etablert innan 1. januar 2025.

– Arbeidde med eksportkontroll og sanksjonar er meir omfattande, komplekst og krevjande enn på noko tidlegare tidspunkt. Det er eit stort og aukande behov for betre kapasitet, effektivitet og oppfølging på desse fagområda som er av kritisk betydning for Noregs nasjonale tryggleik. Derfor vedtok regjeringa i fjor å etablere ein eigen etat for arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar, seier statssekretær i UD Eivind Vad Petersson. Den nye etaten skal vere etablert innan 1. januar 2025.

Norsk næringsliv må i aukande grad ta omsyn til sanksjonar og reguleringa av eksport, mellom anna som følgje av Russlands krig i Ukraina. I tillegg til ein krevjande tryggingspolitisk situasjon i Europa, bidreg den teknologiske utviklinga og ein forsvarsindustri i rask vekst til at arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar har auka mykje i omfang. I dag blir
sanksjonsregelverk forvalta og eksportkontroll i ulike seksjonar i Utanriksdepartementet.

– Vi ser fram til å samle dette miljøet og kompetansen i éin etat. Vi trur det vil styrkje rekruttering av spesialistkompetanse og utvikling av fagmiljøet. Samtidig skal vi behalde politikkutforminga, og utanriksministeren vil framleis ha det konstitusjonelle ansvaret for desse viktige fagområda, seier statssekretær Vad Petersson.

Det er sterke faglege og tryggingsmessige årsaker som ligg til grunn for fysisk samlokalisering med NSM på Fornebu. Etaten vil ha sitt eige mandat under UD, og må levere på lovpålagde oppgåver frå etableringstidspunktet. Krav til vern av personell, informasjon og lokale vil bli varetekne i dei allereie godt etablerte lokala til NSM.