Statsbudsjettet 2017:

Ny insentivordning skal få gods over frå veg til sjø

- Regjeringa foreslår å innføre ei ny insentivordning for å stimulere til meir transport på kjøl. Dette vil styrkje nærskipsfarten, gi miljøvinst, betre trafikktryggleiken og frigjere kapasitet på norske vegar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Til den treårige forsøksordninga foreslår regjeringa å løyve 30 millionar kroner for startåret 2017. Ordninga blir innretta slik at reiarar, som kan godtgjøre at ei ny eller justert linje vil kunne gi ei varig overføring, kan få støtte.

- Det er viktig for oss at ordninga faktisk fører til varig godsoverføring. Det er ein føresetnad at vareeigarane er med på laget når nye eller justerte linjer blir utforma, og at tilboda som blir etablert er i tråd med behova til vareeigarane. Det er avgjerande at reiarane og vareeigarane samarbeider, seier samferdselsministeren.

Både nye og eksisterande transporttilbod er aktuelle for ordninga
Insentivordninga er utforma i tråd med retningslinene for statsstøtte til maritim transport i EØS-avtalen. Dette betyr at reiarar kan få tilskot ved etablering av nye transportilbod, eller ved oppgradering av eksisterande tilbod, mellom hamner i EØS-området. Ein reiar må bli vald som støttemottakar for å tilfredsstille statsstøtteregelverket, men òg for å oppnå varig godsoverføring. For å skape attraktive tilbod som flyttar gods frå veg til sjø, må reiaren ha eit tett samarbeid med vareeigar.

Støttebeløp er avhengig av nytteeffekten for samfunnet
Søkjarane må dokumentere at lasten blir overført frå veg til sjø og sannsynleggjere at transporttilbodet vil vere berekraftig etter tilskotsperioden. Eit prosjekt kan få støtte i inntil tre år.

Det er lagt opp til å rekne ut støttebeløpet ut i frå nytteeffekten som prosjektet har for samfunnet. Nytteeffekten er innsparinga i dei samfunnspåførde kostnadene ved å frakte godset på sjø i staden for på veg. 

 

For fleire opplysningar - sjå: