Ny Panorama-strategi legg vekt på trygt forskings- og utdanningssamarbeid

Regjeringa vil at norsk forsking og høgare utdanning skal samarbeide meir med land av særleg interesse for Noreg. Samstundes vil dei ha klare retningsliner for samarbeidet, som tek opp etterretningstrugslar, akademisk fridom og etiske problemstillingar.

Panoramastrategien er regjeringa sin plan for korleis Noreg skal auke samarbeidet om forsking, høgare utdanning og innovasjon med land utanfor EU/EØS på ein heilskapeleg og langsiktig måte.

– Det er ikkje mogleg å overdrive betydninga av internasjonalt kunnskapssamarbeid. Derfor vil vi samarbeide meir om forsking, utdanning og innovasjon også med prioriterte land utanfor EU. Vi skal gjere det lettare å jobbe saman og søkje om stønad til felles prosjekt, og vi skal lage tydelege retningsliner for godt samarbeid. Dette vil norske forskarar, studentar og næringsliv tene på, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Regjeringa legg fleire land inn i strategien og samlar innsatsen

Denne veka legg regjeringa fram den oppdaterte Panorama-strategien, som gjeld frå 2021-2027. Frå før av har Noreg prioritert samarbeid med seks land utanfor EU/EØS og Nord-Amerika. I tillegg til Brasil, India, Kina, Russland, Japan og Sør-Afrika, legg dei no Sør-Korea, USA og Canada til lista over prioriterte land.

– Sør-Korea er i rivande utvikling og investerer stort i høgare utdanning, forsking og innovasjon. Landet er ein svært interessant samarbeidspartnar for Noreg. Vi har også lange tradisjonar for samarbeid med USA og Canada, og sidan dei er del av det same økonomiske verkemiddelapparatet som Panorama-landa, gir det meining å også ta dei inn i denne strategien, seier Asheim.

Regjeringa tek tryggleik og akademisk fridom på alvor

Etter fleire saker der det har vore mistanke om etterretningstrugslar og uønska kunnskapsoverføring i samband med forskingssamarbeid og utveksling av tilsette og studentar, har Kunnskapsdepartementet og Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) det siste året arbeidd saman for å etablere ein arena for erfaringsutveksling og formidling av trugsel- og risikoinformasjon i sektoren.

- Vi skal ikkje vere naive. Difor er vi bevisst utfordringane knytte til internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid, til dømes faren for etterretningstrugslar. No skal vi lage nasjonale retningsliner som vil ta opp både  denne typen utfordringar og andre tema som er viktige for Noreg, mellom anna knytte til akademisk fridom. Dei skal vere til hjelp for institusjonane på feltet, seier Asheim.

Regjeringa skal ha vidare dialog med relevante aktørar både på styresmaktnivå og i kunnskapssektoren om utvikling av retningsliner for samarbeid. Det er allereie etablert eit rundebord for akademisk samarbeid med Kina, kor sektoren møtast for å diskutere disse problemstillingane breitt.

Fakta om Panorama-strategien

Den nye Panorama-strategien er ei vidareføring av den førre  strategien, som gjaldt frå 2016-2020. På bakgrunn av positiv evaluering og innspel frå kunnskapssektoren, vedtok regjeringa å forlenge satsinga og legge frem ein fornya strategi for perioden 2021-2027.

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og FNs berekraftmål, er framleis dei viktigaste tematiske prioriteringane.

Prinsipp for internasjonalt kunnskapssamarbeid, nærare bestemt kvalitet, gjensidigheit, langsiktigheit, relevans og ansvarskjensle, ligg til grunn for den nye strategiperioden. Strategien har følgjande fem hovudprioriteringar

  1. Godt samspel mellom utdannings- og forskingssamarbeid
  2. God studentmobilitet
  3. Gode koplingar til arbeids- og næringsliv
  4. Godt samspel med multilaterale arenaar (primært EU)
  5. Forskingsbasert kunnskap for å nå FNs berekraftsmål.