Panoramastrategien (2021–2027)

Regjeringa sin strategi for forskings- og høgare utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027)

Panoramastrategien er regjeringa sin plan for korleis Noreg skal auke samarbeidet om forsking, høgare utdanning og innovasjon med land utanfor EU/EØS på ein heilskapeleg og langsiktig måte.