Historisk arkiv

Ny samansetning av teknisk berekningsutval for klima

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

I statsråd i dag vart det avgjort at teknisk berekningsutval for klima vidareførast. Det nye utvalet sit i ein periode på tre år frå 23. juni 2020 til 23. juni 2023. Det skjer visse endringar i utvalet. Det kjem inn ein ny leiar, utvalet er styrka med to nye medlemmar og mandat er noko justert.

Det nye utvalet er:

  • Professor Knut Einar Rosendahl (leiar), Nordre Follo
  • Forskingsleiar Anne Madslien, Oslo
  • Forskingsleiar Taran Fæhn, Oslo
  • Forskingsleiar Steffen Kallbekken, Oslo
  • Professor Erik Øiolf Sørensen, Bergen
  • Professor Mette Helene Bjørndal, Alver
  • Professor Asgeir Tomasgard, Trondheim

Teknisk berekningsutval for klima har som arbeidsoppgåve å bidra til ny kunnskap og nye metodar for tiltaks- og verkemiddelanalysar på klimaområdet. Med Jørn Rattsø som leiar har utvalet levert viktig grunnlag for best mogleg kunnskap i klimapolitikken.

Professor Knut Einar Rosendahl (NMBU) erstattar professor Jørn Rattsø (NTNU) som leiar av utvalet. Professor Mette Helen Bjørndal (NHH) og professor Asgeir Tomasgard (NTNU) kjem inn som nye medlem i utvalet, og vil bidra med ytterlegare kompetanse på metode. Forskingsleiar Anne Madslien (TØI), forskingsleiar Taran Fæhn (SSB), forskingsleiar Steffen Kallbekken (Cicero) og professor Erik Øiolf Sørensen (NHH) vil fortsette i utvalet. Det vil sikre kontinuitet, og at den kunnskapen som er bygd opp gjennom to år blir vidareført.

Mandatet har blitt utvida så utvalet skal gi ei grundig vurdering av om dagens modellar dekker behovet for analysar på klimaområdet. I mandatet er det óg vektlagd at utvalet skal gi innspel om langsiktig modellutvikling.

Utslepp - og dels opptak - av klimagassar er nær knytt til (økonomisk) aktivitet på ein lang rekkje område. Arbeidet for å redusere utslepp og auke opptak kan dermed fordre tiltak innanfor ei rekkje sektorar og samfunnsområde.

Arbeidet i det tekniske berekningsutvalet for klima må sjåast i samanheng med det andre arbeidet med kunnskapsgrunnlaget i klimapolitikken. Tiltaksanalysane vurderer utsleppseffekten og samfunnsøkonomisk kostnad ved ulike typar av utsleppsreduksjonar. Kostnader avheng av kva slags verkemiddel som blir brukte for å utløyse tiltak. For å vurdere kostnader og utsleppsreduksjonar blir brukte ulike metodar og modellar. Som ein del av vedtaksgrunnlaget for klimapolitikken blir det gjort løpande verkemiddelvurderingar av direktorat og departement. Dette arbeidet blir vidareførd.

Teknisk berekningsutval skal:

  • I tråd med klimalova foreslå metodar for berekningar av klimaeffekt av statsbudsjettet, medrekna metodar for å vurdere verknader på klimagassutslepp av endringar på statsbudsjettet si inntekts- og utgiftsside og, i tillegg, metodar for å vurdere klimaeffekt og kostnader ved verkemiddel som ikkje er på statsbudsjettet.
  • Peike på område der det blir vurdert å vere særleg behov for kunnskapsutvikling innanfor tiltaks- og verkemiddelanalysar
  • Gi råd om forbetringar i metodane for tiltaks- og verkemiddelanalysar på klimaområdet.
  • Gjere greie for hovudutfordringar ved dagens metodeval og gi innspel om langsiktig modellutvikling til nytte for forvaltninga, samt korleis arbeidet med å utvikle modellar best kan organiserast. I den samanheng:
    - vurdere om dagens modellar for å vurdere kostnader og utsleppseffektar dekker behova for analysar på klimaområdet og foreslå utvikling og/eller vidareutvikling av slike modellar.
    - vurdere korleis arbeidet med å utvikle modellapparatet til bruk på klimaområdet bør organiserast.
    - sjå til modellbruken i nabolanda våre og etablere kontakt med aktuelle modellmiljø.
    - vurdere om modellane er eigna til å analysere kostnad og utsleppseffektar ved ulike verkemiddel og klimaeffekt av statsbudsjettet. 

Leveransar:

  • Utvalet skal kvart år leggje fram ein rapport som fortel om aktiviteten og dei råda utvalet gir. Rapporten bør også innehalde tilrådingar om tema innanfor utvalet sitt arbeidsområde som peikar seg ut som særleg viktig for vidare arbeid.
  • Utvalet sine rapportar og bakgrunnsmateriale skal vere tilgjengelege på ei nettside.
  • I perioden fram til 2023 skal utvalet konsentrere merksemda om vurdering av modellar i tillegg til å fortsetje arbeidet med metode for å vurdere klimaeffekten av budsjettet.

Utvalet skal ikkje jobbe med klimatilpassing eller det vitskaplege grunnlaget for global oppvarming.

Klima- og miljødepartementet tek i mot utvalet sine rapportar.