Revidert avløpsdirektiv:
Vil gjennomføre nye reinsekrav i Noreg
Nyheit | Dato: 19.12.2025 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa vil gjennomføre EUs reviderte direktiv for avløp som stiller strengare krav til betre reinsing, reinare vatn og meir moderne avløpsløysingar over heile landet. Regjeringa vil samtidig jobbe for løysingar og tilpassingar som tek best mogleg omsyn til norske forhold og kommunane si gjennomføringsevne. Regjeringa vil leggje fram saka for Stortinget for å be om samtykke til å innlemme direktivet i EØS-avtalen.
– God reinsing av avløpsvatn er heilt avgjerande for miljøet vårt og for helsa vår. Det er allereie behov for betydelege investeringar i vatn og avløp i åra framover for å redusere etterslep. Dei nye reglane frå EU peikar ut ein tydeleg veg for korleis vi skal redusere utslepp og sikre reinare vatn i heile landet. Samtidig arbeider vi for at norske forhold blir tekne omsyn til i det videre arbeidet med revidert avløpsdirektiv, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Nye krav og høgare ambisjonar
EU har innført nye krav til reinsing av avløpsvatn. Det reviderte avløpsdirektivet stiller strengare krav til reinsing og oppfølging av avløpsutslepp frå bustader.
Krava i nytt direktiv skal betre vasskvaliteten og forhindre forureining som overgjødsling og føre til at vi slepp ut mindre bakteriar, virus, mikroplast og miljøgifter samt restar frå bruk av legemiddel og kosmetikk til havet, innsjøar og fjordar.
Regjeringa meiner det reviderte avløpsdirektivet skal takast inn i EØS-avtalen og innførast i norsk rett, og vil fremje ei samtykkeproposisjon for Stortinget.
Jobbar for gode løysningar og tilpassingar til norske forhold
Dei nye reglane får eit større verkeområde og vil gjelde fleire tettstader enn i dag. Samtidig er det eit viktig mål for Regjeringa at mindre tettstader ikkje får unødvendig strenge og kostbare krav med avgrensa miljønytte. Regjeringa vil sjå nærare på handlingsrommet i direktivet, særleg knytt til korleis Noreg brukar omgrepet tettstad og avgrensar verkeområdet for reglane. Definisjonen av kva for nokre tettstader som omfattast er ein del av dette arbeidet.
– Vi har sagt tydeleg i frå til EU om behovet for endringar i krava, og vi har blitt høyrd på fleire punkter. Blant anna har tidsfristane blitt romslegare. Regjeringa jobbar for at omsynet til norske kommunar og innbyggjarar skal takast best mogleg vare på, seier Bjelland Eriksen.
Det er viktig at innsatsen først blir retta mot dei områda der tiltak gir størst gevinst for miljøet. For mindre utslepp til sjøområde som er mindre følsame for negativ miljøpåverknader, er det ønskeleg at nye krav vert innførte over lengre tid. Regjeringa arbeider for at Noreg får tilpassingar til direktivet som gir lengre tidsfristar.
Vil involvere kommunar
– Vi har i dag eit stort etterslep på avløpsområdet. Mange anlegg treng oppgradering, heilt uavhengig av nye EU-krav. Dette er ei oppgåve vi uansett måtte ta tak i – og vi er i gang, understrekar Bjelland Eriksen.
Regjeringa vil sende forslag til nytt norsk regelverk på høyring. Arbeidet er i gang, men det vil ta tid før det er klart for høyring. Kommunar og andre relevante aktørar vil bli involvert i prosessen. Krava vil og bli fasa inn over tid, slik at kommunane vi få god moglegheit til planlegging og føreseieleg gjennomføring. Miljødirektoratet vil i komme med ei oversikt over kommunar som får nye krav.
Regjeringa har allereie gjort endringar for å forlengje avskrivingstida for leidningsnett (vatn- og avløpsleidningar) og enkelte andre investeringar i kommunesektoren, samt endra renta som kommunane skal leggje til grunn når dei bereknar sjølvkost. Du kan lese meir om dette her: Informasjonsbrev - endring i budsjett- og regnskapsforskriften og selvkostforskriften - regjeringen.no
God reinsing er viktig for å unngå stans i bygging av nye bustader og næringsbygg, sjå eigen nettsak om det her.
Fakta: Revidert avløpsdirektiv
Dette er dei viktigaste endringane i det reviderte direktivet:
- Direktivet skal verne om miljøet og helsa vår ved å sikre betre reinsing av avløpsvatn frå bustader.
- Direktivet gjeld for fleire og mindre avløpsanlegg enn i dag– omfattar tettstader ned til 1000 pe (personekvivalentar). Personekvivalentar er ein måte å måle kor mykje forureining eit avløpsanlegg handterer. Ein pe svarar til omtrent det organiske stoffet (forureiningsmengda) som ein person slepp ut per dag. Altså eit mål på kor «stort» anlegget er i forhold til talet på personar det tener.
- Minstekrav om sekundærreinsing gjelder for alle tettstader og anlegg utan moglegheit for unntak, det vil seie å fjerne blant annet organisk materiale frå til dømes matrestar, feitt og avføring.
- Det stiller strengare krav til å fjerne nitrogen og fosfor.
- Nye krav om å fjerne mikroforureiningar (til dømes legemiddel- og kosmetikkrestar, kjemikalium frå hushald og industri, og mikroplast).
- Det innfører eit nytt produsentansvar der produsentar av legemiddel og kosmetikk skal dekkje ein stor del av kostnadene for reinsing av mikroforureiningar.
- Krev at større avløpsanlegg blir energinøytrale innan 2045.
- Overvaking og rapportering av mikroforureiningar, mikroplast, patogen, antibiotikaresistens og andre helseparametre blir meir systematisk.
- Fristar og inndeling for når ulike krav trer i kraft, avhengig av størrelse på anlegg og tilstanden i miljøet i vatnet (resipienten), samt type utslepp.