– Tromsø har utvikla seg til ein internasjonal reiselivsdestinasjon i Arktis. Når mange ønsker å oppleve byen og naturen rundt, må vi også sikre at lokalsamfunnet får betre føresetnader for å handtere besøkstrykket, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Dei tre første kommunane har no fått klarsignal til å innføre overnattingsavgift. Desse er Tromsø, Vågan og Stranda.

Den sterke veksten i talet på besøkande til Tromsø dei seinare åra har ført til auka press på lokalsamfunn, natur, infrastruktur, kommunale tenester og beredskap. Innføringa av besøksbidraget skal bidra til auka livskvalitet for lokalbefolkninga og gode opplevingar for besøkande.

Besøksbidragslova vart vedteken av Stortinget i juni 2025, og lova og forskrift om overnatting til kommunane tredde i kraft 1. juli i år. Kommunar som ønsker å innføre besøksbidrag, må lage ein plan og utarbeide lokale forskrifter. Planen må godkjennast av Nærings- og fiskeridepartementet før den kommunale forskrifta kan tre i kraft.

Kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet som har fått planen sin godkjent kan begynne å krevje inn overnattingsavgift frå tidlegast 1. januar 2027.

Departementet har også fått søknader om besøksbidrag frå Lyngen, Karlsøy, Vega, Bodø og Lofoten-kommunane som har levert ein samla plan frå Flakstad, Moskenes, Røst, Vågan, Vestvågøy og Værøy. Desse søknadene er til behandling.