– Eg er glad for at me no har oppnemnt ei prosjektgruppe for reetablering av villreinen i Nordfjella, med tydeleg lokal deltaking. Skal me lukkast med å få villreinen tilbake til Nordfjella, er me avhengige av at lokale aktørar som villreinnemnda, villreinutvalet, tamreinlag og beitelag blir involverte, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Arbeidet med reetablering i Nordfjella tek no eit nytt steg framover med oppnemning av arbeidsgruppa. Det er viktig at vi no har brei semje om arbeidet framover, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Anette Stegegjerdet Norberg.

Prosjektgruppa

Prosjektgruppa består av:

  • Miljødirektoratet ved seksjonsleiar Kari Bjørneraas og fagdirektør Erik Lund
  • Landbruksdirektoratet ved seniorrådgivar Julie Vesterhus
  • Mattilsynet ved seniorrådgivar Julie Enebo Grimstad
  • Ordførarkollegiet i Nordfjella ved ordførar Pål Rørby
  • Koordinator Knut Arne Gurigard i reetableringa for kommunane i Nordfjella
  • Vestland fylkeskommune og Buskerud fylkeskommune ved seniorrådgivar Snorre Waage i Vestland fylkeskommune
  • Lokal beitenæring ved leder i Hol sankelag, Jon Lilleslett

Miljødirektoratet skal leie prosjektgruppa i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Norsk villreinsenter Sør skal vere sekretariat.

Prosjektgruppa har ikkje avgjerdsmynde. Det er direktorata som tar dei endelege avgjerdene om kva tiltak som skal gjerast, innanfor deira respektive ansvarsområde.

Kunnskap og gjennomføring lokalt

For å bidra til ei vellukka gjennomføring, vil ei rekke lokale aktørar og forvaltningsorgan bli involvert fortløpande.

Miljødirektoratet skal, i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, få på plass ein dagleg leiar for den praktiske gjennomføringa av reetableringa. Dagleg leiar skal ha lokal tilknyting, og skal saman med prosjektgruppa sikre tett involvering av sentrale aktørar som villreinnemnd, villreinutval, beitelag, reinlag, NRL, fjellstyre og DNT.