No startar arbeidet med å få villreinen tilbake i Nordfjella
Nyheit | Dato: 22.06.2026 | Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet
Arbeidet med å få tilbake villrein i Nordfjella startar i sommar.
– Det er eit stort ønske og engasjement lokalt for å få villreinen tilbake til Nordfjella. Eg er glad for at me no set i gang arbeidet med å få dette til på ein trygg og god måte. Det er ei stor og krevjande oppgåve, men målet er å få villrein frå Nordfjella sone 2 over til sone 1 allereie til vinteren, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Skrantesjuke
Vinteren 2017/2018 vart heile villreinbestanden i Nordfjella sone 1 avliva etter at det året før vart påvist skrantesjuke. Sone 1 omfattar området nord/nordaust for fylkesveg 50 Hol-Aurland. Reetableringa skal skje med villrein frå Nordfjella sone 2, som er sør/sørvest for fylkesvegen.
– Eg er glad for at me no kjem vidare med å reetablere villrein i Nordfjella sone 1. Det har vore viktig å leggje stor vekt på dei lokale ønska og fleirtalet i arbeidsgruppa i avgjerda om reetablering, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Skrantesjuke (CWD) er den mest alvorlege og smittsame sjukdommen som er påvist hos hjortedyr i Norge.
Gjerde og overvaking
Målet har heile tida vore å få villreinen tilbake. I april leverte ei arbeidsgruppe ein plan til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Myndigheitene skal basere arbeidet på råda til arbeidsgruppa.
Tiltaka som no vert igangsette er mellom anna:
- Dialog om sperregjerde med grunneigarar.
- Forsterke gjerdet langs riksveg 52 for å halde villrein og tamrein frå kvarandre
- Fjerne sperregjerdet mellom sone 1 og 2 for å få dyr over frå sone 2 til sone 1. Deretter skal det setjast opp eit nytt gjerde for å halde villreinflokkane frå kvarandre fram til sone 1 er friskmeld.
- Følgje opp sikring av salteplassar.
- Sørgje for overvaking og kontroll med meir teljing av villrein, GPS-merking og testing, og betydeleg innsats i felt.
Det er Miljødirektoratet, i samarbeid med Mattilsynet og Landbruksdirektoratet, som koordinerer arbeidet.
FAKTA
- Reetableringa er delt inn i fire fasar: Fase 1 - Arbeid før villrein vert overført frå sone 2 til sone 1, Fase 2 - Overføring av villrein frå sone 2 til sone 1, Fase 3 - Etablering av den nye bestanden i sone 1 og vandringshinder mellom sonene og Fase 4 - Gjenoppbygging av bestanden og overvaking.
- Overføringa av villrein skal verte gjennomført med aktiv driving av villreinflokken(ar) frå sone 2 til sone 1, etter prinsipp beskrivne i råda til arbeidsgruppa.
- Departementa vil oppnemne ei prosjektgruppe med kompetanse på villrein, reindrift, forvalting, dyrehelse, dyrevelferd og smitteberedskap. Det skal vere ei balansert samansetjing med brei lokal deltaking i prosjektgruppa.