– Geiranger er eit av Noregs mest ikoniske reisemål og tiltrekker seg besøkande frå heile verda. Derfor er det viktig at lokalsamfunnet har gode føresetnader for å handtere det høge besøkstrykket. Med besøksbidrag får Stranda kommune ei ny moglegheit til å finansiere fellesgode og tilrettelegging som kjem både innbyggarar og besøkande til gode, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Dei tre første kommunane har no fått klarsignal til å innføre overnattingsavgift. Desse er Tromsø, Vågan og Stranda.

Det store talet besøkande i Geiranger fører til sprengd kapasitet på vegnettet og parkering, press på sentrums- og kaiområda, utfordringar med renovasjon og sanitære forhold, og overbelastning på utsiktspunkt, natur, kulturmiljøa og på andre fellesgode. Aukande turisme legg også press på lokalbefolkninga og trivselen i bygda.

Besøksbidragslova vart vedteken av Stortinget i juni 2025, og lova og forskrift om overnatting til kommunane tredde i kraft 1. juli i år. Kommunar som ønsker å innføre besøksbidrag, må lage ein plan og utarbeide lokale forskrifter. Planen må godkjennast av Nærings- og fiskeridepartementet før den kommunale forskrifta kan tre i kraft.

Kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet som har fått planen sin godkjent kan begynne å krevje inn overnattingsavgift frå tidlegast 1. januar 2027.

Departementet har også fått søknader om besøksbidrag frå Lyngen, Karlsøy, Vega, Bodø og Lofoten-kommunane som har levert ein samla plan frå Flakstad, Moskenes, Røst, Vågan, Vestvågøy og Værøy. Desse søknadene er til behandling.