Historisk arkiv

Fusk på førarprøva skal gi inntil 1 års karantene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Å sørge for betre trafikktryggleik er ein av regjeringas viktigaste oppgåver. Difor må vi hindre at førare som ikkje er kvalifiserte slepp ut i trafikken. No foreslår vi at kandidatar som fuskar til førarprøva skal kunne få inntil 1 års karantenetid før dei kan gå opp til ny prøve. Ei lengre karantenetid for dei som fuskar enn for dei som stryk vil både opplevast som rettferdig og ha ein avskrekkande effekt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa la i dag fram eit lovforslag for Stortinget om endringar i fleire føresegnar i vegtrafikklova.

Mellom anna blir det foreslått at kandidatar som fuskar til førarprøva kan få inntil 1 års karantenetid før ein kan gå opp til ny prøve. I dag får dei som fuskar same karantenetid som dei som stryk, altså berre to eller fire veker før dei kan ta ny prøve. Det har dei seinare åra vore ei auke i talet på fusk til førarprøva. Tiltak som kan bidra til å redusera omfanget av fusk er viktig for å hindre at ukvalifiserte førare slepp ut i trafikken. Slike førare er ein fare i trafikken for seg sjølv og andre.

Les heile lovforslaget her.