Historisk arkiv

Politiet får tilgang til registra til Statens vegvesen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa er opptatt av å kjempe mot og førebygge kriminalitet, og vi ønsker å sikre politiet sitt behov for opplysningar. Difor foreslår regjeringa no at politiet får tilgang til opplysningar frå motorvogn-, førarkort og bilderegisteret til Statens vegvesen. Tilgang til informasjon til dømes frå desse registra kan vere avgjerande for eit effektivt politiarbeid, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regjeringa la i dag fram eit lovforslag for Stortinget om endringar i fleire føresegnar i vegtrafikklova. I tillegg til å gje rettsleg grunnlag for handsaming av personopplysningar på vegtrafikkområdet, inneber forslaget at politiet får tilgang til opplysningar frå Statens vegvesen sitt motorvogn-, førarkort og bilde- og signaturregister til formål også utafor vegtrafikklovgjevinga.

Sikrar både behov for informasjon og personvern

Det har vore kontakt med politistyresmaktene i arbeidet for å sikre både politiet sine behov for informasjon og personvernet. Politiet sitt behov for informasjon frå Statens vegvesen sine registre er med dette forslaget varetatt.

– Omsyn til personvern er eit viktig prinsipp i eit demokratisk samfunn. Eg er derfor nøgd med at lova tek omsyn også til dette, seier samferdselsministeren.

 

Les heile lovforslaget her.