– Presis tid er ein grunnleggande føresetnad for at mange av dei viktigaste funksjonane i samfunnet skal fungere. Alt frå mobilnett og betalingssystem til transport og beredskap er avhengige av pålitelege tidssignal. Med ei nasjonal tidsteneste styrker vi beredskapen til Noreg og gjer oss mindre sårbare dersom satellittbaserte tenester blir forstyrra eller fell bort, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Regjeringa foreslår å løyve 94 millionar til formålet. Den nasjonale tidstenesta blir foreslått etablert gjennom Sikt sin nye landsdekkande forskingsnett. Løysinga skal gi Noreg ein robust og satellittuavhengig infrastruktur for distribusjon av presise tidssignal.

Presis tid er avgjerande for at mange viktige samfunnsfunksjonar skal fungere som dei skal. Mobil- og breibandsnett, betalingssystem, kraftforsyning, romindustri, transport, helse- og beredskapstenester er blant områda som er avhengige av nøyaktig tidssynkronisering.

Behovet for ei nasjonal løysing har blitt tydelegare dei siste åra. Fleire stader i Europa, inkludert i Noreg, har det vore forstyrringar i satellittsystem som blir brukte til navigasjon, posisjonering og presis tid. Tidlegare i år tilrådde Justervesenet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) å etablere ei nasjonal tidsteneste for å styrke robustheita i kritisk digital infrastruktur.

– Samfunnet er avhengig av digital infrastruktur og digitale tenester som treng tilgang til presise tidssignal for å fungere. Presis tid blir hovudsakleg henta frå satellittbaserte system som er sårbare for forstyrringar og manipulasjon. Regjeringa tek no grep for å redusere denne sårbarheita ved å etablere ei nasjonal tidsteneste, uttaler digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen.