Webinarserien følgjer opp eit vedtak frå FNs naturtoppmøte i Colombia (2024), der partane bad sekretariatet leggje til rette for erfaringsutveksling og samarbeid mellom sektorar om såkalla mainstreaming av naturmangfald. Initiativet er meint å støtte gjennomføringa av Naturavtalen.

Erfaringsutveksling mellom sektorar

Føremålet med serien er å dele erfaringar, beste praksis, eksisterande verktøy og innovative løysingar for korleis naturmangfald kan integrerast betre i avgjerder og verkemiddel innanfor ulike sektorar. Webinarserien skal mellom anna bidra til å synleggjere samanhengar mellom politikk for natur, klima og berekraftig utvikling.

Målgruppa er brei og inkluderer partar til konvensjonen, andre styresmakter, urfolk, lokalsamfunn, kvinne- og ungdomsorganisasjonar, regionale og lokale styresmakter, samt relevante aktørar frå sivilsamfunn, nettverk og privat sektor.

Planlagde tema våren og sommaren 2026

Webinarserien blir gjennomført i perioden mai–september 2026, med eigne sesjonar retta mellom anna mot:

  • Sirkulær økonomi (14. mai 2026)
  • Gruvedrift (26. mai 2026)
  • Finans (2. juni 2026)
  • Fiskeri (9. juni 2026)
  • Skogbruk (16. juni 2026)
  • Reiseliv (datoar blir fastsette seinare)
  • Handel (datoar blir fastsette seinare)
  • Jordbruk (september 2026)

Endelege datoar og nærare skildringar av kvart einskild webinar vil bli oppdatert fortløpande.

Tilgjengeleg informasjon og deltaking

Oppdatert informasjon om program, påmelding og opptak frå gjennomførte webinar vil vere tilgjengeleg på nettsidene til CBD: Communities of Practice Webinar Series

Webinarserien er eit ledd i det internasjonale arbeidet for å sikre at omsynet til naturmangfald i større grad blir integrert i sektorar som har stor påverknad på økosystem, naturressursar og arealbruk.