Ny yrkessjukdomsliste blir forsenka
Pressemelding | Dato: 27.11.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Den nye lista over sjukdommar som kan gi rett til erstatning, kjem ikkje på plass til 1. januar 2027 som planlagt. Målet er at ho skal gjelde før sommaren. Grunnen er at yrkessjukdomsutvalet skal få tid til å gå grundig gjennom og gi råd til departementet før lista blir fastsett.
– Dette er den første nye yrkessjukdomslista på over 60 år. Då er det viktig at ho blir rett. Difor gir vi utvalet den tida det treng for å gi oss gode råd, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Yrkessjukdomsutvalet vart oppnemnt i slutten av august og hadde det første møtet sitt 22. oktober. Partane i arbeidslivet er representerte i utvalet. Denne hausten gir utvalet råd om forslaget til ny liste, som var på høyring i 2024. Det gir òg råd om vedtaket Stortinget gjorde i juni 2025 om kreftsjukdommar og eit hastespor for nokre av dei.
Etter at departementet har fått fastsett den endelege lista, treng óg Nav og forsikringsselskapa tid til å setje seg inn i den nye lista og tilpasse systema sine før ho tek til å gjelde.
Kva betyr ny yrkessjukdomslista for deg?
Blir du sjuk av jobben din, skal det bli raskare og enklare å få erstatning. Den nye lista skal oppdaterast jamleg, slik at ho held tritt med endringane i arbeidslivet.
Saman med lista kjem ein tryggingsventil. Den gjer at du kan få erstatning sjølv om sjukdommen din ikkje står på lista.
– Folk som blir sjuke av jobben sin, skal ikkje måtte kjempe i årevis for å få det dei har krav på. Med ei oppdatert liste, ein tryggingsventil og tydeleggjering av omvendt bevisbyrde blir reglane både enklare og meir rettferdige, seier Stenseng.
Breiare arbeidsulukkesomgrep frå nyttår
Dei andre endringane i yrkesskadereglane kjem som planlagt. Frå 1. januar 2027 gjeld eit breiare arbeidsulukkesomgrep.
Då ser ein på risikoen i jobben eller på arbeidsplassen, og ikkje på om belastninga var «normal». Endringa er særleg viktig for dei som jobbar i helse og omsorg, og i yrke med mykje trening og øving.
Fakta
-
Ny yrkessjukdomsliste, tryggingsventil og tydeleggjering av omvendt bevisbyrde: Tek til å gjelde før sommaren 2027.
-
Utvida arbeidsulukkesomgrep: Gjeld frå 1. januar 2027.
-
Yrkessjukdomsutvalet: Eit rådgivande utval der partane i arbeidslivet er representerte. Utvalet skal jamleg gi departementet råd om kva sjukdommar som skal på eller av lista. Det skal også samle forsking og ta initiativ til ny forsking.
-
Dagens yrkessjukdomsliste er over 60 år gammal.