Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Nye endringar i regelverket for drosjer

- Regjeringa ønsker eit betre drosjetilbod til passasjerar i heile landet. Folk forventar gode dør-til-dør-tenester, og vi må sjå moglegheitene som ligg i ny teknologi. Endringane i samband med drosjeregelverket er no på plass. Med dei får vi ein drosjemarknad som fungerer betre enn i dag og som legg til rette for meir innovasjon og større valfridom for kundane. Dette er viktige skritt mot morgondagens mobilitet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det nye regelverket for drosjer er klart etter å ha vore på høyring. For at dei nye reglane skal vere klare til 1. juli, må forskrifta vere klar no. Endringane er i all hovudsak i tråd med forslaga som ble sendt på høyring. Samferdselsdepartementet har vedteke noko strengare krav til merking av køyretøy som drosje. Det er òg gjort endringar frå høyringsforslaget sidan det ble bestemt at Statens vegvesen ikkje tar over ansvaret for å tildele løyver frå fylkeskommunane.

Endringane trer i kraft 1. juli 2020.

Hovudpunkta i endringane

- Vi endrar drosjeregelverket fordi det er på høg tid å liberalisere bransjen. Desse endringane fjernar etableringshindra slik at det blir enklare å køyre drosje. På den måten får vi fleire tilbod og større valfridom for kundane. Vi må betre drosjenæringa før kundane sluttar å ta drosje, seier Dale.

Dette er hovudpunkta i endringane som no er klare:

  • Oppheve kravet om at drosjeyrket skal vere hovuderverv.
  • Oppheve tildelingskriteria basert på ansiennitet og fylkeskommunens skjønn.
  • Oppheve reglane om løyvedistrikt og stasjoneringsstad.
  • Oppheve kravet om garanti for løyvehavarar.
  • Krav til merking av køyretøyet som drosje og synleg køyresetel inne i bilen.
  • Frivillig med taxi-taklykt.
  • For selskap kan kravet om god vandel bli oppfylt enten av dagleg leiar eller transportleiar. Sjølve føretaket må òg oppfylle vandelskravet.
  • Forenkle etableringskravet for løyvehavarar ved å berre krevje registrering i Einingsregisteret.
  • Fastsette grensa for kva for kommunar fylkeskommunane kan tildele einerettar i.
  • Vidareføre tilgjenge til å ta turar inn og ut av område med miljøkrav for drosjer som ikkje oppfyller fastsette krav.
  • Vidareføre kravet om taksameter inntil vidare. Løyvemyndigheita kan gi dispensasjon frå krav om taksameter.
  • Vidareføre kravet om at alle drosjer må registrerast i motorvognregisteret som drosje.
  • Fastsette overgangsordningar for dei løyvetypane som må opphevast.
  • Øvrige justeringar i forskrifta er i hovudsak justeringar/opphevingar knytt til vedteke lovendringar.

Overgangsordningar

Mange løyver vil vere gyldige når endringane trer i kraft 1. juli 2020. I regelverket er det lagt opp til overgangsordningar for desse. Ordinære drosjeløyver gjeld fram til 1. juli 2030. Selskapsvognløyver og løyver for transport for funksjonshemma for kjøretøy registrert for inntil 9 personar inkludert førarsetet, gjeld til 1. juli 2022. Drosjeløyver for kjøretøy for høgst 16 sete i tillegg til førarsetet, og løyver for transport for funksjonshemma for køyretøy registrert for over 9 sitteplassar, gjeld til 1. juli 2025.

Les dei nye reglane her.