Historisk arkiv

Nye hangarar for F-35 kampfly

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Regjeringa har bede om Stortinget si godkjenning til å bygge tolv hangarar for F-35 kampfly på Ørland flystasjon. Prosjektet for etablering av hangarløysing er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 2 266 millionar kroner.Hangarprosjektet inneber bygging av tolv hangarar, kvar med plass til to F-35, med ein robust konstruksjon som gjev tilstrekkeleg tryggleik mot inntrenging og godt vern mot ytre påverknad.

Her flyr Norges nye kampfly for første gang.
Her flyr Norges nye kampfly for første gang. Foto: Lockheed Martin

- Bygging av hangarar for F-35 er eit særs viktig prosjekt for etableringa av kampflybasen på Ørland og anskaffinga av F-35 som Forsvaret sitt nye kampfly. Det vil gje ei trygg og effektiv handsaming av flya på bakken, noko som er ein føresetnad før å sikre krava til kampflyvåpenet si operative evne, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Føresetnadene for prosjektet har endra seg undervegs. Gjennom Prop. 73 S (2011-2012) vart det lagt til grunn at kampflybasen skulle tilfredsstille behovet for sikring i fredstid. Det skulle planleggjast for fleire tiltak dersom trugsmålsbiletet endra seg. I samband med handsaminga av Innst. 62 S (2016-2017), jamfør Prop. 151 S (2015-2016), vart det vedteke at dei flybasane som skal nyttast til krise og væpna konflikt må få auka sikring og vern mot åtak samanlikna med føresetnadene frå Prop. 73 S (2011-2012).

- Med den korte varslingstida som no vert lagt til grunn, er det viktig at kampflybasen er konstruert slik at den frå første dag i størst mogeleg grad kan fungere som ein fullverdig base i fred, krise og krig, seier Eriksen Søreide.

Prosjektet for etablering av hangarløysing for F-35 på Ørland er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 2 266 millionar kroner medrekna innreiing, IKT-utstyr og meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 2 044 mill. kroner. Det er gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Hangarane vil stå klare seinast våren 2020 for at skiftet frå F-16 til F-35 kan gå som planlagd.