Nye lastebilar til Forsvaret

Regjeringa legg fram forslag om å kjøpe om lag 290 nye lastebilar til Forsvaret. Lastebilane skal bli nytta til transport av personell og materiell i forbindelse med styrkeproduksjon, styrkeoppbygging og i operasjonar.

Dei lastebilane Forsvaret har i dag, og som vart levert mellom 1987 og 1996, vil vere mellom 25 og 34 år når dei nye lastebilane er planlagd leverte. Dagens lastebilar er slitte og manglar reservedelar. Scania, som var leverandør den gong, forplikta seg til å levere reservedelar ut 2015. Det er sett i verk  tiltak for å levetidsforlenge Scania lastebilane. Dei om lag 290 nye lastebilane dekker bare deler av behovet og om lag 500 av dei beste Scania-vognene vil bli vidareført. Dei resterande Scania-vognene vil bli brukt som delelager.

Forsvaret har ein rammeavtale med Rheinmetall M.A.N. Mililtary Vehicles (RMMV) om å kjøpe lastebilar. Avtala vart inngått saman med Sverige i 2014, og det er denne avtala som ligg til grunn for leveransen på om lag 290 bilar. Det er planlagt start av leveransen frå 2021. Dei 290 lastebilane er rekna å koste om lag 2 milliardar kroner, og det er stilt krav om eit industrielt samarbeid med leverandøren innan ein eventuell signering. Avtalen om industrielt samarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi som hovudkontrakten.