Oversiktsbilete tatt fra lufta av Tinfos, Notodden.
Tinfos, Notodden. Tinfos kulturmiljø er representativt for industrialiseringa på slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet. Utgangspunktet for industristaden var Tinnelva, som ga tilgang til vasskraft og blei brukt til fløyting av tømmer. Anlegget ble freda i 2014. Foto: Trond Isaksen / Riksantikvaren.

– Dei historiske spora fortel om korleis samfunnet har utvikla seg, og kva som har forma bustader, industriar og næringar. Med dei nye bevaringsstrategiane legg vi til rette for at desse verdiane både blir tekne vare på og brukte aktivt i vidareutviklinga av samfunnet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Kulturmiljø i bygd og by

Den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by skal bidra til at kulturmiljøverdiar blir tekne vare på i møte med endring, byutvikling, fortetting og demografiske skifte. Gjennom strategien for bygder og byar ønsker vi å løfte ulike typar kulturmiljø som tidlegare har fått mindre merksemd. Dette gjeld mellom anna gjenreisingsbyane, som utgjer ein viktig del av vår felles historie og som bumiljø rike på kulturhistoriske kvalitetar. Strategien er organisert i tre deltema:

  • Identitet og særpreg
  • Der vi møtest
  • Der vi bur

Kulturmiljø i næring og industri

Den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i næring og industri skal bidra til at sentrale delar av norsk nærings- og industrihistorie blir tekne vare på og brukte som ressurs for kunnskap, verdiskaping og berekraftig utvikling. Med strategien inkluderer vi no bevegelege kulturminne som har eit stort frivillig engasjement og gode kompetansemiljø knyta til seg. Rørlege kulturminne er ein sentral del av historia om utviklinga av infrastruktur og teknologi i Noreg. Også denne strategien er delt inn i tre deltema:

  • Industrien som endrar samfunnet
  • Dei mangfaldige næringane våre
  • Logistikken i næring og industri

– Endeleg er alle dei nasjonale bevaringsstrategiane på plass. Kulturarven vår fortel oss om kven vi var og kven vi er, og Riksantikvaren er godt i gang med oppfølginga av strategiane for kystens kulturmiljø og landbrukets kulturmiljø. No gler vi oss til å følgje opp dei nye, i godt samarbeid med alle dei som er opptekne av kulturmiljøa våre, og det er mange, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Bakgrunn

Bevaringsstrategier var eit av hovudgrepa i stortingsmeldinga for kulturmiljø, som ble lagt fram i 2020. Strategiane skal bidra til å nå dei nasjonale måla i kulturmiljøpolitikken gjennom betre samordning av verkemiddel og tett samarbeid mellom statlege og kommunale styresmakter, næringsliv, frivillige organisasjonar og lokalsamfunn. Gjennom analyser av kva som er utfordringane innanfor dei ulike temaa, vil strategiane kunne fungere som eit verktøy for å prioritere tiltak der behova er størst.

Bevaringsstrategiane for kulturmiljø i bygd og by og i næring og industri, trer i kraft no. Det er med dette fem bevaringsstrategiar til saman.

  • Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg (BFD, 2024)
  • Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø (KLD, 2025)
  • Bevaringsstrategi for landbrukets kulturmiljø (KLD, 2025)
  • Bevaringsstrategi for kulturmiljø i bygd og by (KLD, 2026)
  • Bevaringsstrategi for kulturmiljø i næring og industri (KLD, 2026)