Nytt prosjekt mot skulefråvær i Sunnfjord

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Sunnfjord har hatt ein auke av elevar som ikkje møter opp på skulen og utfordringa gjeld særleg på ungdomstrinnet. Kommunen har difor starta opp eit nytt prosjekt mot skulefråvær. – Det bør vere fleire vaksne på skulen som elevane kan snakke med, og som ser at elevane har det bra, meiner elev på 10. trinn, Anders Stadheim.

Elevar i trappa utanfor Sunnfjord rådhus i Førde
Kunnskapsdepartementet reiser rundt for å få innspel til stortingsmeldinga om 5. til 10. trinn. I Sunnfjord møtte vi elevane Eik (f.v), Julian, Thalina, Maia Sofie, Elias, Frida, Nora, Aurora, Madeleine, Linnea, Anders og Johannes. Foto: Kunnskapsdepartementet

Sunnfjord er ein av dei åtte dialogkommunane Kunnskapsdepartementet besøkjer våren 2023, for å få innspel til stortingsmeldinga om 5. til 10. trinn. Tidlegare i år var departementet på besøk og fekk møte elevar, lærarar, rektorar og skulesjef i kommunen. Skulefråvær, motivasjon og vurdering var blant dei tema som vart drøfta.

– Det er for få helsesjukepleiarar på skulen. Eg trur det er viktig at det blir lettare å finne nokon å snakke med og at det kan vere nokre andre enn lærarane, seier Anders Stadheim. Han var ein av dei 14 elevane som møtte Kunnskapsdepartementet på rådhuset i Sunnfjord, og sit også i Elevpanelet som skal gje innspel til kunnskapsministeren om den nye stortingsmeldinga.

Ønskjer seg ambulerande fråværsteam

– Vi ser at det er manglande systematikk og kompetanse på skulefråvær. Saker som kunne vore løyst tidleg blir ikkje det på grunn av «systemiske» proppar, seier leiar av prosjekt skulefråvær i Sunnfjord kommune, Cecilie Udberg-Helle.

Sunnfjord kommune har i overkant av 2900 elevar i grunnskulen, og dei seinare åra har dei sett ein auke av talet på elevar som ikkje møter opp på skulen i det heile. Med dette som bakgrunn har dei starta opp eit nytt, fireårig prosjekt med midlar frå Program for folkehelsearbeid i kommunane (4,2 mill. kr.). I prosjektet har dei fokus på at høgt skulefråvær kan få alvorlege konsekvensar for heile familiar, og målet er å finne konkrete tiltak for å hjelpe elevane tilbake på skulen.

– Vi er ein liten skule, og etter pandemien ser vi at fleire elevar er borte frå skulen meir enn før. Som skuleleiar ønskjer eg meg eit ambulerande fråværsteam som kan komme ut og hjelpe skulane med dei vanskelegaste sakene som krev store ressursar, seier ein av rektorane som møter Kunnskapsdepartementet.

Prosjektleiar Cecilie Udberg-Helle peikar på at det er samansette årsaker til skulefråvær. Ifølgje erfaringane hennar kan desse elevane grovt sett delast inn i tre grupper der ei gruppe er mykje plaga av mobbing, ein annan av angst og andre psykiske utfordringar, og ei tredje gruppe er elevar med nevroutviklingsforstyrringar som til dømes ADHD og ulike former for autisme. For desse elevane handlar det mykje om korleis utfordringane deira møtest i skulen, og særleg knytt til overgangane frå barneskule til ungdomsskule og frå ungdomsskule til vidaregåande.

Gruppearbeid gir meir motiverte elevar

Skolesjef i Sunnfjord kommune, Åge Stafsnes, fortel at dei følgjer nøye med på resultata i Elevundersøkinga. Dei siste åra har motivasjonen og trivselen til elevane på skulen gått kraftig ned, ifølgje Stafsnes.

– Vi ser at både motivasjon og trivsel har gått stabilt nedover sidan 2018. 15 prosent av elevane seier at dei er lite motiverte og ikkje trivst på skulen. Framover vil vi sjå på korleis god pedagogisk leiing kan påverke motivasjonen og vi vil også sjå på moglegheiter for å ha meir praktisk opplæring, seier skulesjefen.

– Vi har elevar som vil noko heilt anna enn å sitje stille på skulen. Dei vil køyre gravemaskin og gler seg til det. For å vareta desse elevane treng vi meir fleksibilitet, vi må kunne variere undervisninga og gi eit meir tilpassa opplæringstilbod, seier ein av rektorane.

Elevane frå skulane Sunde og Naustdal som møter Kunnskapsdepartementet, er ikkje i tvil om kva dei ønskjer meir av: Gruppearbeid. Dei er begge såkalla elevaktive skular der elevane deltek både i planlegging og gjennomføring av større, tverrfaglege prosjekt.

– Vi er glade i gruppearbeid for ein lærer ikkje betre av seg sjølv. Det er lettare å jobbe i grupper for då er du saman med nokon, og blir ikkje redd for å dette bak, seier ein av elevane frå Sunde skule.

Press for å dokumentere læring

– Vi må sleppe lærarane laus til å prøve nye metodar og ny organisering av opplæringa, understrekar skulesjef Åge Stafsnes.

Eit mogleg hinder for meir praktisk og variert opplæring kan vere at lærarar og skuleleiarar kjenner på eit press for å dokumentere læringa til elevane, både frå foreldre og frå skuleeigar eller statsforvaltar.

– Elevar knyter ikkje alltid læring til det å vere aktive, og som lærer kan eg vere usikker på kva læringsutbyttet var. Det blir heile tida ei kost/nytte- vurdering, og til dømes under ein aktivitet som er meir utforskande kan eg føle at eg mistar kontroll over læringsutbyttet, seier ein av lærarane frå Sunde skule.

– Vi har tradisjon for å dokumentere all læring, og tør kanskje ikkje å sleppe kapittelprøvene. Forventningane hos foreldra er ein del av dette, og det ansvaret ein har for at elevane skal over i ungdomsskulen. Vi er opptekne av at elevane ikkje «mister noko», understrekar ein annan lærer.

I tillegg til forventningar frå foreldre viser lærarane og skuleleiarane til at dei også opplever forventningar om resultat frå andre aktørar, som til dømes skuleeigar og statsforvaltarane.