Nytt utval for motorferdsel i utmark

Utvalet får i oppgåve å gå gjennom regelverket om motorferdsel i utmark og vassdrag, og komme med forslag til endringar.

Mandatet frå regjeringa opnar for ein brei gjennomgang av regelverket. Utvalet står fritt til å foreslå endringar i motorferdsellova eller ei heilt ny lov. Utvalet skal legge vekt på å skape klare reglar som er enklare å praktisere. Motorferdsellova sitt formål om "ut fra et samfunnsmessig helhetssyn å regulere motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen", jf. § 1, ligg fast.

Det er Stortinget som har bedt regjeringa "fremme forslag om revidering av lov om motorferdsel i utmark og vassdrag med sikte på økt lokalt selvstyre og redusert byråkrati knyttet til praktiseringen av loven, samtidig som hensyn til natur og friluftsliv blir ivaretatt."

Medlemmer av utvalet:

  1. Førsteamanuensis UiO Jon Christian Fløysvik Nordrum, Drammen (leiar)
  2. Advokat Frode Andersen Innjord, Arendal
  3. Dekan og professor NMBU Eva Irene Falleth, Oslo
  4. Styreleiar i Alta Turlag Ellen Johanne Kvalsvik, Alta
  5. Ordførar Hilde Anita Nyvoll, Nordreisa
  6. Kommunaldirektør i Bodø kommune Odd Johan Henriksen, Fauske
  7. Politisk nestleiar Norske Reindriftssamers Landsforbund Inge Even Danielsen, Røros
  8. Gardbrukar og tidlegare leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, Steinkjer

Utvalet har brei fagkompetanse innan utmarksforvaltning og juss. Vidare har utvalet kommunal forankring frå områder i landet som har mykje erfaring med motorferdsel. Utvalet har også medlemmer som skal belyse interessene frå friluftsliv, samiske interesser, reindrift og grunneigarar.

Utvalet startar opp arbeidet så snart som mogleg og skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2023.

Last ned den kongelege resolusjonen med utvalets mandat her.