Nyttige møte om auka sjølvforsyningsgrad

Landbruks- og matminister Geir Pollestad møtte onsdag organisasjonar med tilknyting til jordbruket for å få innspel til korleis sjølvforsyningsgraden for jordbruksmatvarer kan aukast.

– Eg vil takke organisasjonane for gode innspel. Regjeringa har sidan den tiltredde, arbeidd for å auke sjølvforsyninga, mellom anna gjennom tilleggsforhandlingar og jordbruksoppgjer. Innspela frå dette møtet er verdifulle og eg tek med meg desse i arbeidet med å utforme ein strategi for å auke sjølvforsyningsgraden, seier Pollestad.

Regjeringa vil leggje fram konkretisering av strategien slik at den kan handsamast av Stortinget før jordbruksoppgjeret 2024, og på den måten danne grunnlag for det komande jordbruksoppgjeret.

Å auke sjølvforsyningsgraden er viktig av fleire grunnar, mellom anna med tanke på samfunnssikkerheit/beredskap, verdiskaping i næringa og i eit klimaperspektiv. Noreg har i dag høg sjølvforsyningsgrad for mange husdyrprodukt, og lågare for planteprodukt. Hovudstrategien for å auke sjølvforsyningsgraden må være å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og til fôr, på ein måte som styrkjer konkurransekrafta mot import.

Vi ber om at innspela konsentrerer seg rundt fire område:

 - Kva kan gjerast for å auke sjølvforsyningsgraden i husdyrproduksjon?
 - Kva kan gjerast for å auke sjølvforsyningsgraden i planteproduksjon?
 - Korleis kan norskandelen i fôret aukast?
 - Kva tyding har kosthaldsendringar?

Innspel til arbeidet frå aktørar som ikkje deltok på innspelsmøta kan sendast til postmottak@lmd.dep.no innan 1. november.