Omsetningsavgifter for 2024

Omsetningsavgiftene for landbruksvarer vart den 20. desember fastsett av Landbruks- og matdepartementet.

Maksimalsatsen for kjøtt av storfe og kalv blir auka frå 4,10 kroner per kg til 5,00 kroner per kg. Satsen for maksimalavgift for kjøtt av sau/lam blir auka frå 2,50 kroner per kg til 3,00 kroner per kg og maksimalsatsen for svinekjøtt blir auka frå  1,50 kroner per kg til 3,00 kroner per kg. Dei planlagde reelle satsane som marknadsregulator nytter gjennom året vil ligge på eller lågare enn maksimalsatsane.

For egg blir satsen redusert frå 1,00 krone per kg til 0,90 kroner per kg frå 1. januar, medan omsetningsavgifta for kjøtt av kylling og kalkun blir ført vidare på 28 øre per kg.

Satsen for omsetningsavgift for mjølk blir ført vidare på 7 øre per liter.

Avgiftene er fastsett i tråd med tilrådingane frå Omsetningsrådet.

Omsetningsavgifta er ei avgift som blir lagt på produsentane sin salsproduksjon og går inn i fondet for omsetningsavgift. Omsetningsrådet styrer bruken av fondet og set av midlar til å fremje omsetninga gjennom finansiering av marknadsregulering, faglege tiltak og opplysningsarbeid.